NPK: Talet på personar som har valt digital postkasse er aukande, og no har postkasse nummer to millionar blitt oppretta, opplyser Difi.
For kvart brev som blir sendt digitalt, sparer stat og kommune portokostnader som heller kan brukast på andre, samfunnsnyttige tenester. Digital postkasse gir også innbyggjarane moglegheit til å ta imot og lagre viktig dokumentasjon frå det offentlege på ein stad.
Mange statlege verksemder og kommunar har valt å bruke digital postkasse for å nå innbyggjarane sine. Nav og Kreftregisteret er døme på verksemder bruker løysinga.
Den digitale postkassetenesta har i perioden 2015–2018 gitt stat og kommune portorelaterte innsparingar på rundt 275 millionar kroner. I 2018 brukte 561 ulike offentlege verksemder digital postkasse for å sende post. Det er ein auke på 21 prosent frå desember 2017.
Det er frivillig å ha ein digital postkasse eller ikkje, men det er viktig å vite at vanleg e-post ikkje er sikkert nok for å sende og ta imot personsensitiv informasjon, opplyser Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi). I tillegg er digital post miljøvennleg.
Oslo er det fylket som har den høgste delen registrerte postkasser med 52,6 prosent, deretter kjem Akershus med 52,2 prosent. Sogn og Fjordane ligg lågast. Her har 38,8 prosent av innbyggjarane over 15 år oppretta ein digital postkasse.

Publisert: 18.01.2019 10:04
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:36