NPK-NTB: Leiinga ved NTNU fryktar større fråfall fordi studentane vil ha lite fysisk nærvær på campus til hausten.
Immatrikuleringa blir digital, fadderveka blir amputert og hovudregelen for undervisning i haustsemesteret ved NTNU er at ho skal vere digital, skriv .
Universitetet har fokus på at fysiske møte skal gjennomførast i så stor grad som mogleg, men i mindre grupper. I tillegg jobbar dei med løysingar for å leggje vekt på trivsel og inkludering i digitale kanalar. Avdelingssjef for studenttenester, Jenny Bremer, seier til avisa at dei er ekstra merksame på at dei må leggje til rette for eit godt psykososialt læringsmiljø heile året.
Også studentane er urolege for konsekvensane av eit digitalt semester.
– Vi er urolege for kva konsekvensar det vil ha for fråfall. Det er ekstremt viktig å ha fysiske møte for å unngå det, seier leiar Åste Solheim Hagerup i Studenttinget NTNU.

Publisert: 18.05.2020 08:54
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:27