NPK-NTB: Ein ny studie viser at vanlege norske arbeidsfolk i byggjebransjen og helse- og omsorgssektoren er mindre synlege i mediebildet i dag enn for 20 år sidan.
Medieforskarane Elisabeth Eide og Tine Ustad Figenschou har gått gjennom utgåvene frå eit kvartal av Dagens Næringsliv, Aftenposten, VG, Dagsavisen og i tidsromma 1996-1997, 2006–2007 og 2016–2017.
I utvalet frå 1990-talet hadde norske dagsaviser 249 artiklar om dei to sektorane, mens det i 2016–2017 hadde falle til 132, skriv Klassekampen. Nedgangen var størst i Aftenposten og VG.
– Det er lett å tenke at mange avisredaksjonar har eit typisk «middelklasseblikk» på verda, og då er det naturleg at det påverkar kva journalistane ser på som viktig, meiner Figenschou.
Ho får støtte frå kollegaen sin.
– Nyheitsdekninga er med på å setje politisk dagsorden. Derfor er det problematisk at det blir skrive mindre om arbeidsvilkåra til dei som er på «golvet».
Forskarane trekker òg fram at dei to sektorane er sterkt kjønnsdelte, i tillegg til ein høg del tilsette med minoritetsbakgrunn.
Dersom klasseperspektivet forsvinn frå mediedekninga, får det konsekvensar, meiner Eide.
– Då har arbeidslivsspørsmåla lett for å komme i bakgrunnen, til fordel for meir konfliktorienterte perspektiv som på innvandringsspørsmål, identitet og kultur, seier ho til avisa.

Publisert: 23.01.2019 15:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:36