Kort fortalt

Vanleg øl vart merkt alkoholfritt

Blir no trekt frå marknaden.

31.01.2019
NPK-NTB: Eit parti med vanleg Carlsberg-pils har fått etikettane til «Carlsberg Alcohol Free». No blir nesten 13.000 flasker kalla tilbake for å unngå forvekslingar.
Det er etiketten bak på flaska, der alkoholinnhaldet står, som er feil.
– Feil baketikett kan i ytste konsekvens medføre at forbrukarar som trur dei drikk ein alkoholfri øl, får i seg alkohol. Vi kallar difor tilbake heile partiet omgåande, seier kvalitetssjef Olaug Flakne i Carlsberg-eigde Ringnes, som distribuerer Carlsberg her til lands.
fortalde først om tabben onsdag, og torsdag har òg helse- og tilsynsstyresmaktene sendt ut om saka.
– Storleiken på partiet er 12.960 flasker. Ringens har selt flaskene i daglegvarebutikkar som single eller i ein papp-sixpack designa for Carlsberg Pils 6x 0,33 L, opplyser .
Flaskene som blir trekte tilbake har desse kjenneteikna:
Produksjonskode C9 017
Best før: 14.10.2019
Produksjonsdato: 17.01.2019

Publisert: 31.01.2019 14:49

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:36