Kort fortalt

Varsla ikkje om grunnstøyting

Sølvtrans skulle rapportert innan 72 timar.

25.01.2019
NPK: Den 13. januar trefte brønnbåten «Ronja Superior» ein grunne i Skottland. Reiarlaget Sølvtrans heldt hendinga hemmeleg for styresmaktene.
Ulykka skjedde ved innseglinga til Mallaig i Skottland. I slike tilfelle er reiarlaga lovpålagde å rapportera innan 72 timar. Det gjorde ikkje Sølvtrans, skriv .
Reiarlaget vil ikkje svare på kvifor dei informerte Sjøfartsdirektoratet lenge etter fristen, kor omfattande skadane på båten er, eller kva dei veit om årsaka til ulykka.
Sjøfartsdirektoratet ser alvorleg på saka.
– Det er alvorleg å ikkje melda frå, dei skal gjera det seinast innan 72 timar. Det ser me alltid alvorleg på. Men no skal me finna ut kvifor dei ikkje har gjort det, seier kommunikasjonsdirektør Dag Inge Aarhus i Sjøfartsdirektoratet til kanalen.
Brønnbåten «Ronja Superior» er no tatt på land ved verftet i Solund for reparasjonar.

Publisert: 25.01.2019 15:53

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:36