Kort fortalt

Vil ha betre varsling i arbeidslivet

Regjeringa med tiltakspakke.

28.01.2019
NPK: Regjeringa ønskjer at fleire varslar om kritikkverdige forhold i arbeidslivet. No skal varslingsrutinane hos offentlege myndigheiter bli betre.
Varsling er eit viktig verktøy for å avdekkje, forbetre og handtere ulovlegheiter og andre kritikkverdige forhold i arbeidslivet. I dag er det berre 2 prosent som varslar til tilsynsmyndigheitene
Arbeidstilsynet har derfor på oppdrag frå Arbeids- og sosialdepartementet samarbeidd med 13 andre tilsynsmyndigheiter om å styrkje varslarvernet. Dette har resultert i ein tiltakspakke, som blei levert til arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie 24. januar.
– Dette er viktige tiltak som skal sikre at arbeidstakarar som varslar om kritikkverdige forhold veit kven dei skal vende seg til og at dei blir mottekne på ein god måte hos dei ulike offentlege tilsynsmyndigheitene, seier arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie.
Arbeidstilsynet har også nyleg gjennomført ei kartlegging som viser at kompetansen hos offentlege styresmakter om kva varsling er, og kva rolla som varslingsmottakar inneber, ikkje er god nok.
– Vi treng arbeidstakarar som er villige til å seie ifrå om kritikkverdige forhold i arbeidslivet. Varsling er viktig og varslinga deira er samfunnsøkonomisk nyttig. Det er mange døme på at varsling har vore avgjerande for å avdekkje lovbrot, korrupsjon og andre uakseptable forhold, seier Hauglie.

Publisert: 28.01.2019 16:30

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:36