NPK-NTB: Sjeføkonom meiner dei låge fødselstala i Noreg er meir alvorleg enn det statsminister Erna Solberg (H) gir uttrykk for og foreslår høgare pensjon til foreldre.
Sjeføkonom Jan Ludvig Andreassen meiner det er eit problem at det ikkje lønner seg å få barn.
– Ein må bruke større verkemiddel for å få opp barneproduksjonen. Eit tiltak som monnar, kunne vore at ein fekk ein halv million i oppspart pensjon per barn ein får, seier Andreassen, til .
– Befolkningsvekst er heilt avgjerande for økonomisk vekst. Erna Solberg skjønnar ikkje kor alvorleg dei låge fødselstala er, fortset Andreassen
Tal frå SSB viser at norske kvinner i 2017 var mindre fruktbare enn nokosinne, med berre 1,62 barn per kvinne. Det gjer Solberg bekymra for berekraften til velferdssamfunnet, og ho har teke til orde for at det må fødast fleire barn.
Andreassen, som er sjeføkonom i Eika-gruppen, legg på si side vekt på dei makroøkonomiske konsekvensane og minner om at ein med eit for lågt tal menneske verken får produsert eller brukt noko som helst.
– Når eg reiser rundt i distrikta, så tek dei dette poenget med ein gong. Dei veit at skilnaden mellom ei fråflyttingsbygd og ei bygd som veks, er som natt og dag, seier makroøkonomen. Han fryktar også at låge fødselstal vil gi bustadprisfall og årevis med låg rente.
Andreassen meiner regjeringa må ta tak i distrikta og legge til rette for familiar.
– Viss Solberg ønsker å få opp befolkningsveksten, er det enklaste å slutte å bruke fleire tital milliardar på å legge offentlege bygg til hovudstaden, men heller å spreie dei utover landet.

Publisert: 08.01.2019 12:53
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:36