Kort fortalt

Vurderer samanslåing

Stranda og Sykkylven i nye samtalar.

21.01.2019
NPK: Kommunane Stranda og Sykkylven signerte intensjonsavtale om samanslåing i 2016, men den vart vraka. No har dei to sunnmørskommunane starta ny prosess, fortel NRK.
Kommunestyret i Sykkylven vedtok å søkje ny kontakt med Stranda i fjor. No er samtalane i gang, ifølgje ordførar Jan Ove Tryggestad (Sp) i Stranda. Han trur det kan vere mogleg å gjennomføre ei samanslåing i 2022.
– Dette blir ein attraktiv kommune med eit sterkt industrimiljø.

Publisert: 21.01.2019 12:37

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:36