150 nye hyttetomter skal lokke sunnmoeringar
AUKAR: I fjellet over Stryn sentrum er eit hyttefelt med 68 nye hyttetomter under utbygging. I løpet av knappe ti år er det bygd rundt 180 nye hytter her.
Nytt

150 nye hyttetomter skal lokke sunnmøringar

Over 150 nye hyttetomter er under utbygging ved skianlegga i Stryn og Hornindal. Utbyggarane satsar på å dra fleire skihungrige sunnmøringar gjennom fjellet.

23.08.2014
- For bygg og anlegg i Stryn har hyttebygging alt å bety.
Øyvind Hatledal snur lastebil og hengar på hyttevegen øvst i Hydlafeltet ved skitrekket i Stryn. I snart 10 år har hyttebygging skaffa firmaet hans rundt 70 prosent av inntektene. No har han fire gravemaskiner og ein lastebil i sving på andre byggetrinn i av Hydlafeltet.
12 av i alt 68 hytter i andre byggetrinn er alt selde, og grunnmuren til den første av dei nye hyttene er alt på plass.

Seld på to år

Grunneigar og utbyggar Otto Vik selde mesteparten av dei 39 tomtene i første byggetrinn i løpet av 2006 og 2007.
I år vart han klar med regulering og planlegging av byggetrinn to. No vil han helst selje resten i eit litt lågare tempo. Seks - sju tomter i året, og oppdraget med å bygge hyttene med på kjøpet, det ville vore ideelt.
- Då har vi ti års arbeid, seier han.

Frykta bråbrems

Vik frykta eigentleg bråbrems i hyttemarknaden.
- Men det har ikkje skjedd. Det er ikkje den store pågangen, men det har gått jamt, seier han.
No har han byrja å tvile på at det blir råd å avgrense salet til seks-sju tomter i året.
- Eg ser allereie no at med den pågangen - at dette skjer seg. Eg kjenner det i lufta.

35 millionar

Investeringa i vegar, vassforsyning, kloakk og straumforsyning kjem opp i rundt 35 millionar kroner før andre byggetrinn av Hydlafeltet er ferdig, anslår Vik.
Det er for mykje til at han tek heile utbygginga i eitt jafs. Difor har han delt utbygginga av byggetrinn to i to etappar, og startar først på siste etappe når dei første 20 tomtene er selde.

104 tomter

Ein liten halvtime nærmare Sunnmøre monterer Per Knut Aaland ei terassedør i ei hytte på Harevadet hyttegrend, storsatsinga til seks grunneigarar i Hornindal.
Her er det planlagt 104 hyttetomter rett i nabolaget til skitrekket og skiløypenettet i dalen over kommunesenteret Grodås. 16 tomter er alt selde, og i løpet av hausten vonar grunneigarane å kunne starte utbygging og sal av nye deler av hyttefeltet.

I tillegg til dei 104 tomtene som er regulert til frittståande hytter, har grunneigarane fått regulert området rett ved foten av skiheisa til fortetta hyttefelt, der det kan bli plass til inntil 60 bueiningar i tillegg.

Sel ut i etappar

Inge Olsen i Hornindal er ein av i alt seks grunneigarar som står bak utbygginga. Hittil har han seld 16 tomter, og nokre av dei er det allereie bygde på.
Han anslår at dei totale utbyggingskostnadane for grunneigarane blir rundt 60 millionar kroner (utbygging av fortetta hyttefelt kjem i tillegg), og seier målet er å byggje ut hytteområdet i fleire etappar. Området blir delt i fleire felt, og det blir opna opp for nye felt etterkvart som gamle blir selde ut.
Målet er mellom anna å sikre størst mogleg lokal sysselsetting.
- Viss vi får seld ti tomter i året, så har vi ein jamn fart, seier Olsen.

Treng sunnmøringane

Til saman rommer dei to hytteområda ved Stryn Skisenter over 180 hytter, som alle er bygde etter 2005. Utbyggingane som no er i gang i Hornindal og Stryn betyr at det blir plass til over 150 nye.
Kor raskt dei nye tomtene går unna, kjem mykje an på kjøpslysta på Sunnmøre, og spesielt i Herøy, Ulstein, Hareid, Ørsta og Volda. 90 prosent av hyttefolket kjem køyrande ferjefritt frå Sunnmøre til Nordfjord gjennom Kviven, anslår hytteutbyggjarane.

Suksess i Stryn

Halvard Bøe var sentral då Bøanedsetra hyttegrend vart bygd ut. Dette er området som strekkjer seg opp mot fjellet frå foten av skitrekket. Dei ni grunneigarane bak utbygginga let ideen modnast i fleire år, og brukte og tid på reguleringsarbeidet. Då den første tomta vart seld i 2005, hadde det gått omlag ti år frå ideen om ei utbygging kom på bordet, anslår Bøe.
I løpet av 2011 vart storparten av dei rundt 150 tomtene i Bøanedsetra-området selde, og i dag har Bøe berre ei tomt att til sals i regi av Bøanedsetra Hyttegrend AS. Den er til gjengjeld stor, knappe tre mål, og med ein prislapp på 1,69 millionar kroner.

Lokal verdiskaping

Bøe anslår at grunneigarane har investert rundt 60 millionar kroner i infrastruktur som veg, vatn, kloakk, straum og fiberkabel.
Grunneigarane i Bøanedstera Hyttegrend hadde ikkje venta at salet skulle gå så fort unna, og Bøe er godt nøgd med resultatet.
På førehand vart grunneigarane åtvara mot at utbygginga ville bli for stor å handtere i eigen regi, og at dei heller burde selje heile området under eitt, og la andre stå for utbygginga.
Hadde grunneigarane gjort som skeptikarane rådde dei til, er Bøe overtydd om at det ville blitt langt mindre lokal sysselsetting av hyttebygginga i Stryn.
- Eg er eigentleg veldig godt fornøgd med investeringa vår. Vi har hatt bra betalt for arealet og har generert mykje lokal verdiskaping, seier han.
Vi har hatt bra betalt for arealet og har generert mykje lokal verdiskaping

Publisert: 23.08.2014 06:30

Sist oppdatert: 12.05.2021 10:57