ABB inn i veg og havbruk
ULSTEINVIK: ABB satsar på nye marknader, her basen til ABB i Ulsteinvik.
Nytt

ABB inn i veg og havbruk

ABB i Norge hadde eit tøft fjorår, men kan glede seg over gjennombrot i nye marknader.

08.02.2017
- Vi er fornøgde med at vi klarer å halde omsetninga oppe på eit relativt høgt nivå i ein krevjande marknad. Det skuldast ein god ordrereserve ved årets start og at vi har gjort det spesielt godt i kraftbransjen.
- Dei einingane som leverer til olje- og gassrelatert verksemd, har opplevd langt større utfordringar, seier administrerande direktør Steffen Waal, i ei pressemelding.
Sjøv ein vanskeleg marknad, klarte ABB nesten å oppretthalde omsetninga frå 2015 i 2016. Driftsinntektene enda på rundt 8,6 milliardar kroner, ein nedgang på rundt to prosent frå året før.

Lav ordreinngang

Derimot opplevde ABB i Norge ein betydeleg svikt i ordreinngang, som enda på 6,8 milliardar kroner i 2016, nesten ein tredjedel under fjoråret.
Steffen Waal meiner ordreinngangen speglar aktivitetsnivået i marknaden.
- Vi har brukt ledig kapasitet til å sjå på andre anvendelsesområde for vår teknologi. Det har ført til gjennombrot både innan veg og infrastruktur og havbruk, noko vi kjem til å fortsette å satse tungt på framover, seier han.

Meir automatisering

Waal meiner at også 2017 også kan verte utfordrande, men seier at selskapet er godt posisjonert for det som kjem.
- Auka grad av automatisering og stadig meir avanserte digitale løysingar, både innan industri og i kraftbransjen, samt framleis elektrifisering av samfunnet, gir gode utsikter for vår portefølgje.
Det operative driftsresultatet for ABB Norge enda på 436 millionar kroner i 2016, ein nedgang på 33 prosent som i all hovudsak skuldast avsetningar i samband med overgang til ny pensjonsordning.
ABB Norge fekk elles nyleg ein opptur ved å få tildelt
Les den engelske pressemeldinga .
Det har ført til gjennombrot både innan veg og infrastruktur og havbruk

Publisert: 08.02.2017 12:30

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:06