Gudmor Siv bad om skattehjelp
GUDMOR: Finansminister Siv Jensen døyper det 113 meter lange Havyard Group-bygde supplyskipet "African Inspiration" til det nigerianske selskapet Marine Platforms. 
Nytt

Gudmor Siv bad om skattehjelp

Siv Jensen har siste vekene følt seg litt åleine i kampen mot formuesskatten. I Herøy fekk ho hjelp.

14.11.2014
- Vi held det vi lovar når det gjeld formuesskatt, og vi står gjennom stormen og ventar til vi kjem inn i smulare farvatn.
- Men siste vekene har vi uansett følt oss litt åleine, sa finansminister Siv Jensen i eit møte i Fosnavaag Shippingklubb torsdag.

Skadeleg for Norge

Møtet var om bord i Havyard-bygde subseaskipet "African Inspiration", som Jensen var gudmor for. Skipet er til det nigerianske selskapet Marine Platforms.
- Formuesskatten er skadeleg for norske bedrifter og for Norge, fastslo Jensen.
- I staden for å høyre med ekspertar på Handelshøgskulen, så snakkar vi med næringa sjølve. Det er dei som har skoa på som best veit kvar skoen trykker, sa Jensen.

Bad om hjelp

Sjølv om ho lova at Frp skulle står gjennom stormen, så bad ho om hjelp til å snu støttepartia Venstre og Kristeleg Folkeparti.
- Ver tydelege, synlege og aktive, bad ho den store forsamlinga av næringslivsaktørar.
Og Jensen fekk svar. Rem Maritime-direktør Åge Remøy sa at han var sjokkert over dei siste signala frå KrF og Venstre om formuesskatten.
- Og så ser eg at det også finst lause kanoner i FrP, personar som vil ha omkamp om formuesskatten. Dette er veldig beklageleg og eg vert oppgitt.
- Det var nettopp formuesskatten som gjorde at mange her i regionen var glade for at vi fekk eit regjeringsskifte, minte Remøy om.

Kabinettspørsmål

Han bad Jensen om å stille kabinettspørsmål på skattesaka, om det vart nødvendig.
- Det er statsministeren sitt privilegium å bestemme kva saker det skal stillast kabinettspørsmål på, sa ho.
Havila-direktør Per Sævik hadde på sin side rekna ut han og familien hadde betalt 54 millionar kroner i formuesskatt på tre år. I tillegg hadde dei betalt skatt av 34 millionar kroner i løn.
- I 2011 hadde selskapa eit vanskeleg år på grunn av finanskrisa. Det året betalte vi 347,3 prosent i skatt av resultatet.

Sævik-brev til KrF

Han minte om at Havila var inne i selskap - heilt eller delvis - som hadde totalt 3000 tilsette.
- Og så opplever vi ei masse babbel om ein skatt som eigentleg har liten verdi for samfunnet. Det er ikkje teoretikarne på Handelshøgskulen som har fasiten for kvar verdiane vert skapte, sa Sævik.
Sævik har lang fartstid i KrF, og han opplyste at han hadde skrive brev til KrF-leiinga for å gi dei råd i saka, i tillegg til å minne partiet på kva det har forplikta seg til når det gjeld tilrettelegging for bedrifter og lokalt eigarskap.
- Men då er vi heilt enige eg og du då? spurde Siv Jensen.
- Ja, det har vi alltid vore, sa Sævik.

Trur ikkje på nettoløns-endring

Ho minte også på at regjeringa ser på selskapsskatten.
- Vi har 27 prosent selskapsskatt, medan mange land vi konkurrer med ligg ned mot 20 prosent.
Ho var også inne på at støttepartia vil fjerne nettolønsordninga.
- Eg trur ikkke det, for å seie det slik, sa ho.

Andre gong gudmor

Det var elles andre gongen Siv Jensen var gudmor for eit skip. Første gongen var det på eit forsvarsskip.
Sjølv om ho er midt inne i budsjettforhandlingar, meinte ho at det var viktig å setje av tid til å vere gudmor.
- Ja, det er viktig å kome ut og treffe næringsaktørar.
Ho rosa den maritime industrien på Nordvestlandet.
- Det er rett og slett imponerande kva ein har fått til i ei næring som er så sterkt globalt konkurranseutsett.
Det er ikkje teoretikarne på Handelshøgskulen som har fasiten for kvar verdiane vert skapte

Publisert: 14.11.2014 09:10

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:38