4. juni skal kåre Ship of the Year.
Kåringa skjer under opninga av Nor-Shipping på Lillestrøm, og er alltid møtt med stor spenning, gjerne med kongeleg bistand.
I fjor gjekk prisen til Brødrene Aa-bygde Future of the Fjords.
I år står det mellom tre skip som har tett tilknytning til Nordvestlandet.
Den 160 meter lange ferja er no under utrustning ved Ulstein Verft, og skal kunne gå 30 minutt på batteri til og frå Sandefjord på ruta Sandefjord-Strømstad.
Design er det Rolls-Royce som har stått bak.
Kleven Verft er no i sluttfasen på utrustninga på det 140 meter lange ekespedisconscruiseskipet som er fullspekka med nyvinningar og miljøvenlege løysingar.
Båten er designa av Havyard og skroget er no under slep frå Cemre-verftet i Tyrkia, og nærmar seg no Hellas.
Primæroppgåva til Ronja Storm er ferskvassbehandling av laks for Huon Aquaculture i Tasmania. Der er dei plaga med ei amøbe som set seg på gjellane, og fisken må badast i ferskvatn fleire gongar gjennom livsløpet sitt. Kapasiteten til båten er så stor at dei kan ta om bord ei heil merd, 800-900 tonn.
Det er no ope for å kunne røyste på kandidatane, men den endeleg avgjersla vert fatta av ein jury.
Kåringa skjer under opninga av Nor-Shipping på Lillestrøm, og er alltid møtt med stor spenning, gjerne med kongeleg bistand.
I fjor gjekk prisen til Brødrene Aa-bygde Future of the Fjords.
I år står det mellom tre skip som har tett tilknytning til Nordvestlandet.
Color Hybrid
Kandidat nummer 1 er Ulstein Verft-bygde Color Hybrid, verdas største plug-in hybridferje med plass til 2.000 passasjerar og 430-500 bilar.Den 160 meter lange ferja er no under utrustning ved Ulstein Verft, og skal kunne gå 30 minutt på batteri til og frå Sandefjord på ruta Sandefjord-Strømstad.
Roald Amundsen
Kandidat nummer 2 er Kleven Verft-bygde Roald Amundsen.Design er det Rolls-Royce som har stått bak.
Kleven Verft er no i sluttfasen på utrustninga på det 140 meter lange ekespedisconscruiseskipet som er fullspekka med nyvinningar og miljøvenlege løysingar.
Ronja Storm
Kandidat nummer 3 er Ålesund-selskapet Sølvtrans sin nye brønnbåt Ronja Storm, som med sine 116 meter vert verdas største brønnbåt.Båten er designa av Havyard og skroget er no under slep frå Cemre-verftet i Tyrkia, og nærmar seg no Hellas.
Primæroppgåva til Ronja Storm er ferskvassbehandling av laks for Huon Aquaculture i Tasmania. Der er dei plaga med ei amøbe som set seg på gjellane, og fisken må badast i ferskvatn fleire gongar gjennom livsløpet sitt. Kapasiteten til båten er så stor at dei kan ta om bord ei heil merd, 800-900 tonn.
Det er no ope for å kunne røyste på kandidatane, men den endeleg avgjersla vert fatta av ein jury.
Publisert: 25.01.2019 05:58
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:30