Historisk Ulstein kontrakt
TRE MASKINROM: Det nyutvikla offshore konstruksjonsskipet til Island Offshore vert 28 meter breitt, 145,7 meter langt og vil få innreiing for 200 personar. Skipet har også tre separate maskinrom.
Nytt

Historisk Ulstein-kontrakt

Det vert sett nye lokale rekordar når Ulstein-selskapet Island Offshore byggjer nytt offshore konstruksjonsskip ved naboen Ulstein.

25.11.2013
I dag er det jubeldag for dei tilsette ved Ulstein Verft. Medan verftskonkurrenten Kleven på andre sida av Lyngnvesvika har hala i land fire kontraktar, har ikkje Ulstein Verft signert ein einaste ny kontrakt i år. Men det var før Island Offshore-avtalen vart signert.
Og ikkje nok med det; kontrakten med Island Offshore og partare Edison Chouest Offshore sitt felles selskap Island Venture II LLC er den største enkeltkontrakt i Ulstein Verft si historie.
Ulstein stadfestar at det er den største enkeltkontrakt nokon gong, men oppgir ikkje kontraktssum. I følgje Dagens Næringsliv er kontraktssummen 1,1 milliardar kroner.

Glad Ulstein

Konsernsjef Gunvor Ulstein er også strålande nøgd.
- Vi er svært glade for å få lov til utvikle neste generasjons offshorefartøy saman med Island Offshore og Edison Chouest Offshore. Dei har solid erfaring og svært mykje kompetanse. Våre organisasjonar har tidlegare jobba veldig godt saman på nyskapande prosjekt. Vi ser fram til å levere eit kvalitetsprodukt som reiarlaget kan nyte godt av i mange år framover, seier Gunvor Ulstein i ei pressemelding.
Også administrerande direktør Kristian Sætre ved verftet er nøgd:
- Dette er eit krevjande og utfordrande byggeprosjekt som passar oss svært godt. Vi har ein solid organisasjon og eit stort engineeringsmiljø som skal utføre alt arbeidet med byggeunderlaget. Vi har eit verftsanlegg i verdsklasse og vi har ettertrakta design. Vi er klare for oppgåva.

Mange finessar

Det nyutvikla skipet har mange finessar. Det er 28 meter breitt og 145,7 meter langt og vil få innreiing for 200 personar. Skipet vert utstyrt med to offshorekraner som kan løfte høvesvis 400 tonn og 140 tonn. Det har ein stor moonpool på 11 x 12 meter og to mindre moonpoolar med ROV-ar (remotely operated vehicle) installerte i ein hangar sentralt i skipet.
Fartøyet har heile tre separate maskinrom for å gi ekstrem driftssikkerheit. Dersom ein større feil oppstår slik at det eine maskinromet fell ut av drift, vil skipet framleis ha att to tredjedelar av kapasiteten. Det har vore stor fokus på helse, miljø og sikkerheit ved utvikling av skipsdesignen. Mellom anna vert skipa leverte i høve til det internasjonale regelverket MLC2006, som femner om betre komfort og sikkerheit for mannskapet.
Fartøyet har fire livbåtar, to på kvar side. Skipet er vidare utstyrt med SCR katalysatorsystem for NOx-utsleppsreduksjon.
Skipet skal overeleverast i tredje kvartal 2015.

USA-skip

Island Offshore og Edison Chouest Offshore bestiller to nye OCV-fartøy gjennom selskapet Island Ventures II LLC. Det eine skipet skal byggast ved Ulstein Verft, det andre i USA.
Island Ventures II LLC bestiller også ein design- og engineeringspakke for bygging av eit skip av typen ULSTEIN SX165 ved Edison Chouest sitt eige verft i USA. I avtalen ligg det også inne opsjonar på fleire fartøy i USA. Det er første gang design frå Ulstein blir bygd ved eit amerikansk verft.
Island Offshore har frå før fire skip frå Ulstein i flåten. I tillegg har Island Ventures II LLC eit konstruksjonsskip
Vi er klare for oppgåva

Publisert: 25.11.2013 09:43

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:30