Kraftig vekst paa Trandal
VEKSTBEDRIFT: Etter fleire år med inntekter mellom to og tre millionar kroner tok det av for Christian Gaard Bygdetun i 2017 og 2018.
Nytt

Kraftig vekst på Trandal

Christian Gaard Bygdetun har gått frå 2,5 til 8,5 millionar i driftsinntekter på to år.

23.07.2019
- Det er meir båttrafikk og det er meir besøkande på Christian Gaard, seier styreleiar og medeigar Daniel Storeide.
2018 er andre år på rad med kraftig vekst for selskapet i den veglause bygda i Hjørundfjorden.
Så langt ser 2019 ut til å bli minst like bra som 2018, i følgje Storeide.

Utvida

Daniel og søstra Lenita Beate Storeide tok over Christian Gaard Bygdetun as på Trandal i 2010 etter at grunnleggaren Frank Storeide gjekk bort.
2017 blei ein solid opptur for søskenparet. Dei hadde vekst i omsetning på serveringsstaden, vekst i turist-skyssbåttrafikken og fekk frå sommaren 2017 også oppdraget med å køyre skyssbåt på Hjørundfjorden for Ørsta kommune.
Veksten held altså fram i 2018, og både i fjor og i år investerer dei i å utvide kapasiteten i serverings- og sceneanlegget på Trandal. I fjor blei det investert rundt ein million kroner, mellom anna i ny flytebrygge og toalettanlegg.

Meir båtrafikk

Populariteten til Trandal gir dobbel gevinst til Christian Gaard Bygdetun ved at mange gjestar brukar selskapet sin skyssbåt for å kome til og frå.
Reiselivsmarknaden er den dominerander inntekstkjelde for skyssbåten til selskapet, med bedrifter som viktige kundar, i følgje Storeide.

Publisert: 23.07.2019 05:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:37