Nok er nok. No er tida inne for eit fullstendig brot, skriv Knut Arne Høyvik i eit innlegg under Talarstolen på NETT NO.
Høyvik er tidlegare fiskeskipper og informasjonsleiar i Norges Fiskarlag, og sett seg grundig lei på at Norge skal vere den snille guten i klassa når det gjeld fiskeriforhandlingar.
«Det kan bli sett på som uansvarleg, men mykje tyder på at makrellbestanden toler eit slikt trykk for ei kortare periode.,» skriv Høyvik.
«Island drog det lengste strået etter bråket i Smutthullet, og fekk ei kvote i våre farvatn som var ti gangar større enn den kvota Norge fekk med Island( Smutthullavtalen). Dette etter at islendingane starta eit høgst umoralsk fiske av torsk i Smutthullet, medan norske fiskarar låg nede for teljing med rekordlåge torskekvoter.
Dette meiner Høyvik er uakseptabelt, og han meiner at Norge ikkje skal gje etter for ureint spel frå Island og Færøyane, som einsidig har sett sine eigne store kvoter utan å bry seg om havforskarar, EU eller andre nasjonar.
"Utan å konsultere Norge, ga ho ministeren eit makrelltilbod på 11,9 % av totalkvota. Noko som er over dobbelt så mykje som Færøyane i utgangspunket hadde i kyststatsavtalen. Ho fekk kjapt brev tilbake frå ministeren. Alt under 15% er uakseptabelt, skreiv Vestergaard til Damanaki."
«Tenk på dei små øyanasjonane som er fiskeriavhengige. Det er klart me må gi dei meir makrell, me som er så rike, blir det også sagt. Det blir prøvd å gjere dei to mininasjonane til offer i møte med store EU og rike Norge.
"Denne retorikken går heim hjå mange, men byggjer på svært så mangelfull kunnskap om realitetane i konflikten», skriv Høyvik.
Les heile innlegget .
Høyvik er tidlegare fiskeskipper og informasjonsleiar i Norges Fiskarlag, og sett seg grundig lei på at Norge skal vere den snille guten i klassa når det gjeld fiskeriforhandlingar.
Toler eit slikt trykk
I den pågåande makrellstriden, meiner han at Norge skal setje sine eigne kvoter på same nivå som før.«Det kan bli sett på som uansvarleg, men mykje tyder på at makrellbestanden toler eit slikt trykk for ei kortare periode.,» skriv Høyvik.
Dårleg CV
Han meiner Norge har ein dårleg CV når det gjeld internasjonale fiskeridrøftingar, ikkje minst med Island.«Island drog det lengste strået etter bråket i Smutthullet, og fekk ei kvote i våre farvatn som var ti gangar større enn den kvota Norge fekk med Island( Smutthullavtalen). Dette etter at islendingane starta eit høgst umoralsk fiske av torsk i Smutthullet, medan norske fiskarar låg nede for teljing med rekordlåge torskekvoter.
Store tap
Høyvik viser til at norske makrellfiskarar kan kome til å tape 250.000 kroner i året kvar om Norge må gje frå seg 7 % av totalkvota, noko som har vorte diskutert.Dette meiner Høyvik er uakseptabelt, og han meiner at Norge ikkje skal gje etter for ureint spel frå Island og Færøyane, som einsidig har sett sine eigne store kvoter utan å bry seg om havforskarar, EU eller andre nasjonar.
Kravstore færingar
Han viser til at EU sin fiskerikommisær Maria Damanaki i desember 2013 reiste til Færøyane for å møte den færøyiske fiskeriministeren Jacob Vestergaard."Utan å konsultere Norge, ga ho ministeren eit makrelltilbod på 11,9 % av totalkvota. Noko som er over dobbelt så mykje som Færøyane i utgangspunket hadde i kyststatsavtalen. Ho fekk kjapt brev tilbake frå ministeren. Alt under 15% er uakseptabelt, skreiv Vestergaard til Damanaki."
Maglande kunnskap
Høyvik åtvarar også mot retorikken rundt at oljerike Norge må vere venleg innstilte i denne striden med dei fiskeriavhengige øystatane i vest.«Tenk på dei små øyanasjonane som er fiskeriavhengige. Det er klart me må gi dei meir makrell, me som er så rike, blir det også sagt. Det blir prøvd å gjere dei to mininasjonane til offer i møte med store EU og rike Norge.
"Denne retorikken går heim hjå mange, men byggjer på svært så mangelfull kunnskap om realitetane i konflikten», skriv Høyvik.
Les heile innlegget .
Det blir prøvd å gjere dei to mininasjonane til offer i møte med store EU og rike Norge
Publisert: 17.02.2014 10:59
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:31