(NPK): Tre svenske brør som eigde hotellet og var sentrale i drifta, sit no varetektsfengsla sikta for å ha brent ned sitt eige hotell og for forsøk på forsikringsbedrageri.
Hotellet var fullforsikra gjennom Gjensidige. Alle dei tre nektar for å ha noko med saka å gjere.
Eit viktig tema i etterforskinga er økonomien til hotellet. Politiet mistenkjer mellom anna at eigarane ved fleire høve tappa pengar frå selskapet som dei overførte til seg sjølve, skriv Bergens Tidende.
Selje hotell har slite med økonomien dei siste åra. Nokre dagar før brannen retta Skatt vest eit rettsleg krav på rundt 300.000 kroner mot hotellselskapet, som hadde i overkant av 16 millionar kroner i gjeld ved utgangen av 2015.
Politiet etterforskar saka grundig og det står framleis att mykje arbeid før dei er klare med ein konklusjon.
Hotellet var fullforsikra gjennom Gjensidige. Alle dei tre nektar for å ha noko med saka å gjere.
Eit viktig tema i etterforskinga er økonomien til hotellet. Politiet mistenkjer mellom anna at eigarane ved fleire høve tappa pengar frå selskapet som dei overførte til seg sjølve, skriv Bergens Tidende.
Ulovleg lån
Mellom anna peika revisorselskapet PwC i rekneskapen for 2015 på at selskapet hadde gitt eit ulovleg lån på 790.000 kroner til ein av aksjonærane, og revisoren slo fast at dette var i strid med aksjelova, skriv avisa. Det same skal ha skjedd året før. Då meinte revisor å ha funne eit ulovleg lån på 250.000 kroner.Selje hotell har slite med økonomien dei siste åra. Nokre dagar før brannen retta Skatt vest eit rettsleg krav på rundt 300.000 kroner mot hotellselskapet, som hadde i overkant av 16 millionar kroner i gjeld ved utgangen av 2015.
Politiet etterforskar saka grundig og det står framleis att mykje arbeid før dei er klare med ein konklusjon.
Publisert: 25.01.2017 14:48
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:05