
Nytt
Mjelva utvida sesongen
Høgare prisar i toppsesongen, fleire besøkande tidlege og seint i sesongen og ytterlegare drahjelp frå valutamarknaden. Sindre Mjelva har fleire ting å gle seg over.
04.12.2017
- Rein oppside, seier Sindre Mjelva på Union Hotel i Geiranger om valutakursutviklinga i haust. Valutamarknaden har utvikla seg betre enn han hadde venta.
Stikk i strid med mange spådomar i fjor er krona framleis svak mot utanlandsk valuta. Kursen gjer det billegare for utanlandske turistar å besøke Noreg enn det var for få år sidan, før oljeprisen fall og kronekursen med den.
I årets sommarsesong kom han eit stykke på vegen, med høgare prisar i toppsesongen og fleire gjestar om våren og tidleg på hausten.
Dersom krona framleis held seg svak er det eit pluss, som i alle fall eit stykke på veg dempar verkanden av momsauken for reiselivet, meiner Mjelva.
Vestlandet har vore vinnar når det gjeld å trekkje til seg utanlandske turistar i år, medan det ikkje har gått like bra på landsbasis.
Det er ein skilnad som Mjelva er usikker på årsaka til, og gjer at han set eit lite spørsmålsteikn ved effekten av valutakursutviklinga.
Stikk i strid med mange spådomar i fjor er krona framleis svak mot utanlandsk valuta. Kursen gjer det billegare for utanlandske turistar å besøke Noreg enn det var for få år sidan, før oljeprisen fall og kronekursen med den.
Betre prisar
Mjelva har arbeidd i fleire år for å utvide turistsesongen i Geiranger og har blant anna satsa på trekkje reisande til hotellet også om vinteren.I årets sommarsesong kom han eit stykke på vegen, med høgare prisar i toppsesongen og fleire gjestar om våren og tidleg på hausten.
Forhandlar for 2019
Storparten av arbeidet med å selje toppsesongen sommaren 2018 er unnagjort for lengst. Utover vinteren og tidleg på våren blir det arbeidd med å selje 2019-sesongen.Dersom krona framleis held seg svak er det eit pluss, som i alle fall eit stykke på veg dempar verkanden av momsauken for reiselivet, meiner Mjelva.
Vestlandet har vore vinnar når det gjeld å trekkje til seg utanlandske turistar i år, medan det ikkje har gått like bra på landsbasis.
Det er ein skilnad som Mjelva er usikker på årsaka til, og gjer at han set eit lite spørsmålsteikn ved effekten av valutakursutviklinga.
Publisert: 04.12.2017 09:18
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:16