(NPK-NTB-Fredrik Ljone Holst): – I år kjem vi til å bruke omtrent 10.350 kroner per person på julehandel, seier Bror W. Stende, direktør for Virke mote og fritid.
I dag, mandag 10. november la hovudorganisasjonen til handelsstanden fram ei prognose for julehandelen i år.
Veksten dei spår er ganske beskjeden, og auken på 5 prosent kjem av først og fremst at det blir fleire av oss, og at det er éin handledag meir før jul i år.
– Nordmenn har god råd og vi handlar meir gjennom heile året. Derfor blir desember ein mindre viktig handlemånad. Men jula er ei tradisjonsrik tid, så vi investerer framleis mykje i kos og hygge, forklarer Stende.
Og nettopp det at kos og hygge er så viktig, speglar av seg gjennom at drygt 22 av dei 53 milliardane kjem til å bli brukt på mat og drikke.
I tillegg er det andre bransjar som er spesielt avhengige av ein god julehandel.
– Det er for eksempel leikebutikkar, gullsmedar og bokhandlarar. Nokre av desse bransjane tredoblar omsetjinga i desember, samanlikna med ein normalmånad, seier Stende.
Fire av ti seier dei vil kjøpe julegåver på nett, viser undersøkinga TNS Gallup har gjort for selskapet, som mellom anna leverer betalingsløysingar både for nett og butikk.
Det er marginalt fleire kvinner enn menn som planlegger å ta julehandelen på nett, men mennene som trur dei kjem til å bruke mest pengar. Fire av ti vil shoppe gåver på nett i år.
Det er rett nok ikkje mange hundrelappane som skil menn og kvinner når dei fortel kor mykje dei trur dei kjem til å legge igjen i nettbutikkane før høgtida. I snitt planlegger dei å bruke 2.100 kroner, 60 kroner meir enn sist jul. Den endringa er knapt meir enn den generelle prisauken sidan sist jul.
– Det ser også ut til å vere like mange som ikkje forventar å handle gåver på nettet. Av dei som seier dei kjem til å handle på nett, er det 34 prosent som svarer at dei forventar å bruke Internettet til meir enn halvparten av gåvene, seier kommunikasjonssjef Stein-Arne Tjore i Nets.
Delen netthandlarar er størst i gruppen 30– 44 år – 61 prosent – men sjølv i gruppa over 60 år, som er den aldersgruppa som i minst grad handler på nett, seier 21 prosent at dei vil velje denne moglegheita før jul.
– Du skal ikkje sjå bort frå at bestemor eller bestefar i år har kjøpt gåvene på nettet, seier Tjore. (©NPK)
I dag, mandag 10. november la hovudorganisasjonen til handelsstanden fram ei prognose for julehandelen i år.
Veksten dei spår er ganske beskjeden, og auken på 5 prosent kjem av først og fremst at det blir fleire av oss, og at det er éin handledag meir før jul i år.
Viktig for fleire bransjar
Samtidig peikar Virke på at meirsalet i desember, altså kor mykje meir vi shoppar for i julemånaden samanlikna med resten av året, har gått ned.– Nordmenn har god råd og vi handlar meir gjennom heile året. Derfor blir desember ein mindre viktig handlemånad. Men jula er ei tradisjonsrik tid, så vi investerer framleis mykje i kos og hygge, forklarer Stende.
Og nettopp det at kos og hygge er så viktig, speglar av seg gjennom at drygt 22 av dei 53 milliardane kjem til å bli brukt på mat og drikke.
I tillegg er det andre bransjar som er spesielt avhengige av ein god julehandel.
– Det er for eksempel leikebutikkar, gullsmedar og bokhandlarar. Nokre av desse bransjane tredoblar omsetjinga i desember, samanlikna med ein normalmånad, seier Stende.
Netthandel omtrent som i fjor
Same dag som Virke la fram tal om den samla varehandelen i desember, kom med si julehandelundersøking, som ser på kor mange av oss som synest «kikk og klikk» er ein betre formel enn «løp og kjøp» når gåvene skal bli handla inn.Fire av ti seier dei vil kjøpe julegåver på nett, viser undersøkinga TNS Gallup har gjort for selskapet, som mellom anna leverer betalingsløysingar både for nett og butikk.
Det er marginalt fleire kvinner enn menn som planlegger å ta julehandelen på nett, men mennene som trur dei kjem til å bruke mest pengar. Fire av ti vil shoppe gåver på nett i år.
Det er rett nok ikkje mange hundrelappane som skil menn og kvinner når dei fortel kor mykje dei trur dei kjem til å legge igjen i nettbutikkane før høgtida. I snitt planlegger dei å bruke 2.100 kroner, 60 kroner meir enn sist jul. Den endringa er knapt meir enn den generelle prisauken sidan sist jul.
Også bestefar shoppar digitalt
Delen som trur dei kjem til å handle på nett – 41 prosent av kvinnene og 38 prosent av mennene – er omtrent som i fjor.– Det ser også ut til å vere like mange som ikkje forventar å handle gåver på nettet. Av dei som seier dei kjem til å handle på nett, er det 34 prosent som svarer at dei forventar å bruke Internettet til meir enn halvparten av gåvene, seier kommunikasjonssjef Stein-Arne Tjore i Nets.
Delen netthandlarar er størst i gruppen 30– 44 år – 61 prosent – men sjølv i gruppa over 60 år, som er den aldersgruppa som i minst grad handler på nett, seier 21 prosent at dei vil velje denne moglegheita før jul.
– Du skal ikkje sjå bort frå at bestemor eller bestefar i år har kjøpt gåvene på nettet, seier Tjore. (©NPK)
Publisert: 07.11.2016 11:44
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:38