Olympic Shipping reinsar ballastvatn med MMC teknologi
AVTALE: Olympic Shipping og dokkingsjef Robert Berge (t. h.) valde reinseløysinga frå MMC Green Technology og Børge Gjelseth (i midten) for fem av Olympic-skipa. Til venstre teknisk inspektør Rune Grande i Olympic.
Nytt

Olympic Shipping reinsar ballastvatn med MMC-teknologi

Olympic Shipping har inngått avtale med Herøy-selskapet MMC Green Technology om å installere reinseanlegg for ballastvatn på fem av sine offshoreskip. Fleire kan kome.

04.09.2014
- Det kan absolutt verte fleire kontraktar, men vi startar med desse fem, seier dokkingansvarleg Robert Berge i Fosnavåg-baserte Olympic Shipping.
Salssjef Børge Gjelseth i MMC Green Technology er strålande fornøgd med avtalen.
- Dette er ein stor kontrakt og eit viktig gjennombrot for oss.

Grøn profil

Dei fem Olympic-skipa skal få installert reinseanlegga i samband med dokking. Først ute er offshore konstruksjonsskipet Olympic Hera, som skal dokkast i Danmark i løpet av september.
- Vi er eit selskap med ein grøn profil, og vi ønskjer å vere tidleg på bana med miljøvenlege løysingar, seier Berge.
Selskapet har alt installert sju reinsenanlegg på nybygde skip, samt eitt under verkstedopphald for ankerhandteringsfartøyet Olympic Zeus i 2012.

Gode på pris og plass

No er det ein serie av seglande skip som står for tur.
Berge seier at det er mange selskap som tilbyr løysingar, men at Olympic Shipping denne gongen valde MMC Green Technology fordi selskapet er konkurransedyktig på pris, i tillegg til at dei har ei løysing som tek liten plass.
-Det var også viktig at selskapet kunne levere på kort varsel, samt at dei har eit godt opplegg for service og ettermarknad.

Alt krav for Mexicogulfen

Bakgrunnen for satsinga er forventningar om at det straks vert innført globale krav om reinsing av ballastvatn ettersom utskifting av ballastvatn representerer ein stor miljøtrussel mot det marine globale økosystemet.
- Vi har i fleire år trudd at kravet skulle tre i kraft, men no ser det ut til at det vil kome i løpet av 2015. Då vil vi vere tidleg ute, og sleppe å ta skip ut av drift for å få om bord anlegg.
- Mellom anna er det allereie krav frå US Coast Guard om at skip som opererer i Mexicogulfen og dokkar etter 1. januar 2014 skal installere reinseanlegg for ballastvatn.

Nær eit globalt krav

Også MMC Green Technology har posisjonert seg for at IMO-konvensjonen (International Maritime Organization) skal verte ratifisert. Kravet er at minimum 30 land, som representerer minimum 35 prosent av verdstonnasjen, seier ja.
Hittil har 40 land som representerer 30,25 prosent av verdstonnasjen ratifisert avtalen. I tillegg har Italia, Tyrkia , Argentina og Japan sagt at dei vil gjere det i løpet av 2014. Då er ein oppe i 34,2 prosent.
- I tillegg har land som Indonesia, Filippinane, Belgia og Finland sagt at dei jobbar med saka. Desse representerer to prosent av verdstonnasjen, så vi har god tru på at målet om 35 prosent vert nådd fort, truleg tidleg i 2015, om ikkje før, seier Børge Gjelseth.

Enorm marknad

Når konvensjonen eitt år etter fullteikning er ratifisert, har alle seglande skip fem år på seg til å installere system for reinsing av ballastvatn. Totalt er det snakk om 55.000 – 60.000 skip.
- Det er ein enorm marknad. Får vi nokre få prosent av marknaden, er vi godt fornøgde, seier Gjelseth, som driv MMC Green Technology saman med broren Håvard og onkelen Terje.
Sjølv om selskapet hadde sitt første kommersielle driftsår i 2013, har selskapet alt seld 55 anlegg. Dei fleste kundane er norske, men ein har også seld anlegg til skip til selskap i Holland, England, Malaysia, Singapore, Kina, Japan, Island, Færøyane, Tyrkia, Russland og Indonesia.

Ulstein-kontrakt i Japan

Selskapet har bygt opp eit globalt nett av agentar, og nyleg fekk ein gjennom Ulstein Group kontrakt på fire Ulstein-designa skip for bygging i Japan.
- For oss er det viktig å verte ein del av slike pakkeløysingar frå verft og designselskap, men den viktegaste marknaden for oss er helt klar eksisterande skip og slike større avtalar som vi no fikk med Olympic, seier Gjelseth.

Rigga for stor vekst

Han seier at selskapet har fått svært gode tilbakemeldingar frå kundane på selskapet sine løysingar, som reinsar frå 80 til 1200 kubikkmeter sjøvatn i timen.
- Vår løysing er kompakt, tek liten plass og er enkel å handtere. Vi har tatt omsyn til kunden sine behov, og løysinga passar perfekt for offshorefartøy og andre mindre og mellomstore skip som alt er i drift, og som må setje inn slike anlegg.
Gjelseth seier at han heilt sidan starten har hatt god tru på at selskapet skulle verte ein suksess.
- No veit vi at vi kjem til å lukkast, og vi har rigga oss for stor vekst.
Får vi nokre få prosent av marknaden, er vi godt fornøgde

Publisert: 04.09.2014 06:15

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:37