Inne i Artec Aqua hall foto Artec Aqua
MILLIARDANLEGG: Artec Aqua har teikna og prosjektert første byggetrinn på Salmon Evolution sitt landbaserte lakseoppdrettsanlegg på Indre Harøy i Romsdal. Foto: Artec Aqua
Nytt

Oppdrett krympar i Endùr

Artec Aqua er ikkje lenger største verksemda i Endúr-konsernet. Ventar ny vekst.

09.11.2023

I dei ni første månadar 2022 sto forretningsområdet akvakultur for 54 prosent av dei samla inntektene til Endúr.

I dei ni første månadane i 2023 er andelen redusert til 26 prosent. Artec Aqua i Ålesund er det dominerande selskapet i forretningsområdet akvakultur. Artec Aqua både teiknar og prosjekterer landbaserte oppdrettsanlegg, og har redusert ordreboka frå 300 millionar kroner ved utløpet av tredje kvartal i fjor til 100 millionar kroner i år.

I den ordreboka har Endúr førebels ikkje rekna med ei milliardkontrakt for eit landbasert lakseoppdrettselskap på Island som Endúr offentleggjorde i 2022. I den meldinga sto det at Endúr skulle bokføre ordreinngang og ordrebok knytt til oppdraget etterkvart som dei ulike fasane i prosjektet blei sett i gang, og at bygginga av første byggesteg skulle vere i gang i 3. kvartal 2023.

Veks ikkje nok
No er det forretningsområdet marin infrastruktur som veks, men ikkje nok til å kompensere for at inntektene i forretningsområdet akvakultur går ned (sjå tabell).

Les børsmelding her

Forretningsområdet marin infrastruktur hadde 861 millionar kroner i driftsinntekt og 112 millionar kroner i driftsresultat i dei ni første månadane i år.

Forretningsområdet akvakultur hadde 374 millionar kroner i driftsinntekt og eit driftsresultat på 6,6 millionar kroner i dei ni første månadane i år.

Ny fart
Aktivitetsnedgangen i oppdrettsbransjen er berre midlertidig, etter Endúr si vurdering.

Etter ein periode med uvisse i marknaden på grunn av innføring av grunnrenteskatt på oppdrettsnæringa i Noreg og at prosessen med å gi løyve til nye oppdrettsanlegg på land samstundes vart sett på vent er no interessa for å starte med landbasert oppdrett stigande, både i Noreg og i utlandet, skriv Endúr i kvartalsrapporten.

Detaljplanlegginga både for andre byggesteg på Salmon Evolution sitt anlegg er godt i gang, og det gjeld også anlegget på Island. I tillegg har fleire planlaget anlegg andre stader har fått heilt eller delvis klarsignal frå naudsynte styresmakter, ifølgje rapporten.

Endúr ASA
Pr. 3. kvartal. I mill. kroner20232022
Driftsinntekt1450,61842,2
Driftsresultat82,876,2
Resultat før skatt-10,112,6
Endúr ASA
3. kvartal. I mill. kroner2023

2022

Driftsinntekt421,9592,6
Driftsresultat35,531,3
Resultat før skatt25,310,8

Publisert: 09.11.2023 09:50

Sist oppdatert: 09.11.2023 12:44

Mer om