Milliardkontrakt for Artec Aqua
Første kontrakt i utlandet. Kan bli på over tre milliardar kroner.
Berre to dagar etter at Artec Aqua-eigar Endúr varsla at nye milliardkontraktar er like om hjørnet for Artec Aqua i Ålesund kjem meldinga om at den første er i boks.
Artec Aqua skal vere ansvarlig for design, prosjektering, bygging og ferdiggjering av eit anlegg på Island med ein total kontraktsverdi på mellom 1,5 og 1,8 milliardar kroner for bygging første fase av anlegget.
Blir det utbygging av også andre og tredje byggetrinn er det potensiale for at avtalen blir minst dobbel så stor for Artec Aqua, seier Artec Aqua-sjef Ingegjerd Eidsvik til NETT NO.
Om anlegget blir fullt utbygd vil det ha ein produksjonskapasitet på 18.900 tonn i året.
Første i utlandet
Det er islandske Geo Salmo ehf som skal ha anlegget, som skal ligge i Þorlákshöfn, nær Reykjavik. Planen er å starte sjølve bygginga i 3. kvartal 2023.
Kontrakten er den første bindande avtalen om bygging av eit landbasert oppdrettsanlegg i utlandet for Artec Aqua.
Artec Aqua designar og prosjekterer landbaserte oppdrettsanlegg, med første byggetrinn av Salmon Evolution sitt landbaserte oppdrettsanlegg i Indre Harøy i Romsdal som sitt hittil største oppdrag.
Endúr hadde ein ordrereserve på 1,8 milliardar kroner ved utgangen av første halvår.
Dersom alle intensjonavtalar blir til bindande avtalar veks ordrereserven til Endúr med 4,4 milliardar kroner til, til 6,2 milliardar kroner. Storparten av intensjonsavtalene er det Artec Aqua som har.
Kjent modell og teknologi
Avtalen med det islandske selskapet er etter same modell som mellom Artec Aqua og Salmon Evolution med same teknologi, der anlegget delvis resirkulerer og delvis pumpar inn nytt sjøvatn.
Skilnaden frå Noreg er at anlegget på Island vil hente sjøvatn frå brønnar i grunnen, og i tillegg kan kome til å utnytte jordvarmen på Island.
Artec Aqua har 54 tilsette.
Artec Aqua as | ||
Tal i mill. kroner | 2021 | 2020 |
Driftsinntekt | 1042,6 | 636,5 |
Driftsresultat | 53,6 | 60,1 |
Resultat før skatt | 53,7 | 60,2 |
Publisert: 26.08.2022 08:53
Sist oppdatert: 26.08.2022 12:34