Raftevold vert Heroey eigd
RAFTEVOLD: Jens Brokmann har (t.v.) eigd og drive Raftevold hotell dei siste åra. No overtek Havila Holding og selskapet sin hotelldirektør Günter Dahler (t.h.).
Nytt

Raftevold vert Herøy-eigd

Havila Holding held fram turistsatsinga. I dag overtek Herøy-selskapet Hotel Raftevold i Hornindal.

02.05.2018
Havila Holding eig frå før Hotell Ivar Aasen i Ørsta og 45 prosent i Thon Hotel Fosnavåg. No satsar Herøy-selskapet vidare med eit tredje hotell i regionen.
- Med kjøpet av Hotel Raftevold får vi ein god reiselivsakse mellom Fosnavåg, Ørsta og Hornindal der vi kan tilby fjell, fjord og fjøre, seier to av dei nye eigarane i Havila Holding, Hege Sævik Rabben og Vegard Sævik, i ei pressemelding.
Dei kjøper hotellet av Jens Brokkmann, som saman med Petra Wieth overtok som eigar og drivar i 2012.
Det 151 år gamle hotellet har 44 rom. Etter fleire år med bra utvikling, gjekk selskapet i 2016 med 0,7 millionar kroner etter ei omsetning på 12,2 millionar., men der tapet i hovudsak skuldast tap på ei hotellsatsing i Sauda.

Midt i attraktiv region

Dei nye eigarane seier at dei gler seg over å kunne ta over eit hotell med god drift og gode mulegheiter.
- Hotellet ligg midt i ein ettertrakta reiselivsregion med kort avstand til ei rekke store turistmål. Dei siste åra har hotellet pussa opp alle roma. Drifta er god og der er mange bestillingar både for i år og neste år.
Havila Holding opplyser i pressemeldinga at ein alt har erfart nytten i samspelet ved å ha to hotell i regionen. No styrkar dei synergiane med det tredje.
- Vi har meir å spele på inn mot dei store reiselivsaktørane og hotella kan også drage gjensidig nytte av kvarandre ved å samarbeide på ulike område.

Valde ikkje høgaste bodet

Det er Jens Brokmann som har eigd og drive hotellet dei siste åra. Han skal etterkvart flytte tilbake til familien i Tyskland og seier i pressemeldinga at det er vemodig å selje, etter år med god utvikling og dobla omsetning.
- Men å selje til Havila Holding betyr ei god og trygg framtid for hotellet, bygda og dei tilsette. Eg valde ikkje det høgaste bodet, men tenkte på korleis hotellet skal drivast og utviklast. No får hotellet nye eigarar som er med å ta eit samfunnsansvar.
I tillegg til dei tre hotella på Nordvestlandet, er Sævik-familien og Havila Holding inne i fleire reiselivsprosjekt.
Mellom anna er selskapet medeigar i Hotell Norrøna på Færøyane, der det er nye, store hotellplanar.
Selskapet er også inne i turisttrafikk med «The Fjords» og turistferjer via Fjord1, flytransport i Widerøe og no også Kystruten frå 2021.
- Reiseliv er ei næring i vekst, og alle faktorar peiker på at Norge vil ta sin del av veksten og meir til. Den veksten vil vi vere med på, og skape aktivitet og arbeidsplassar, seier dei.

Overtek i dag

Havila Holding tek over drifta av hotellet frå 2. mai, men tidlegare eigar Jens Brokmann blir fortsatt med ei tid som vertskap i lag med staben som er på hotellet.
Framover skal det satsast vidare for å mellom anna utvide og forlenge turistsesongen.
Det vert vist til at hotellet ligg nær både skitrekk og fantastiske langrennsløyper, og det er mellom særprega og fordelane som dei nye eigarane håper å kunne utnytte i sterkare grad.
PS: Havila Holding eig 33,3 prosent av Bakkar og Berg Media AS, som er utgjevarselskapet til NETT NO.
Å selje til Havila Holding betyr ei god og trygg framtid for hotellet, bygda og dei tilsette

Publisert: 02.05.2018 11:46

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:21