Nytt
Salsrush for Herøy-selskap
- Dette har vi venta på i ti år. No har det endeleg tatt skikkeleg av med sal av reinsesystem for ballastvatn.
18.12.2019
Det seier sals- og marknadssjef Børge Gjelseth i Herøy-baserte Norwegian Greentech.
I fjor omsette selskapet for 20 millionar kroner, i år har ein passert 65 millionar, og ein har alt på plass avtalar neste år for rundt 100 millionar kroner.
- Det har vore ein lang og tung veg sidan vi starta selskapet for ti år sidan. Vi har heile tida hatt trua, men det er uansett godt å sjå at vi endeleg får betalt for all innsatsen, seier Gjelseth.
Normalt skjer dette kvart femte år.
Totalt er det rundt 65.000 skip internasjonalt som treng å reinse ballastvatnet for å hindre spreiing av organismer frå eitt område til eit anna.
- I alle fall har det rausa inn med kontraktar etter 8. september. Seinast i dag fekk vi ny kontrakt.
Nyleg signerte selskapet ein avtale med Kopervik Ship Management med levering av reinsesystem til 27 frakteskip.
- For oss er dette ein kjempeavtale, seier Gjelseth.
I tillegg har Greentech inngått eit titals andre flåteavtalar.
Børge Gjelseth seier at fordelen med deira system er at det er kompakt og brukar lite straum. Systemet er spesielt tilpassa små-og mellomstore skip.
- På dei fleste skip er vårt system lett å installere. Det får normalt plass i pumpe- eller maskinromet.
- Vi starta året med seks tilsette. No er vi 13, og vi kjem til å vekse endå meir, seier Gjelseth.
I tillegg til samarbeid med MMC, har selskapet samarbeidet med Pipe Systems i Haugsbygda.
- Vi vurderer også å starte produksjon i Romania, men alt sals- og utviklingsarbeid skal skje frå Herøy. Det er her vi skal ha basen vår, seier Gjelseth.
Børge Gjelseth er optimist.
- Det seier veldig bra ut no. Kundane er storleg fornøgde, og vi har eit produkt som er ettertrakta.
- No er vi endeleg klare til å gi full gass.
I fjor omsette selskapet for 20 millionar kroner, i år har ein passert 65 millionar, og ein har alt på plass avtalar neste år for rundt 100 millionar kroner.
- Det har vore ein lang og tung veg sidan vi starta selskapet for ti år sidan. Vi har heile tida hatt trua, men det er uansett godt å sjå at vi endeleg får betalt for all innsatsen, seier Gjelseth.
65.000 skip
8. september i år vart det obligatorisk at alle skip med ballasttankar må installere reinsesystem ved første fornying av miljøpapir.Normalt skjer dette kvart femte år.
Totalt er det rundt 65.000 skip internasjonalt som treng å reinse ballastvatnet for å hindre spreiing av organismer frå eitt område til eit anna.
27 skip i ein avtale
Norwegian Greentech håper å ta ein betydeleg del av marknaden.- I alle fall har det rausa inn med kontraktar etter 8. september. Seinast i dag fekk vi ny kontrakt.
Nyleg signerte selskapet ein avtale med Kopervik Ship Management med levering av reinsesystem til 27 frakteskip.
- For oss er dette ein kjempeavtale, seier Gjelseth.
Kompakte system
Det er selskapet Vesstech som skal stå for installasjonane på skipa, medan Herøy-selskapet tar seg av leveransane.I tillegg har Greentech inngått eit titals andre flåteavtalar.
Børge Gjelseth seier at fordelen med deira system er at det er kompakt og brukar lite straum. Systemet er spesielt tilpassa små-og mellomstore skip.
- På dei fleste skip er vårt system lett å installere. Det får normalt plass i pumpe- eller maskinromet.
Frå seks til 13 tilsette
Produksjonen av reinsesystemet foregår i MMC First Process sine lokale på Mjølstaneset i Herøy. Her har også Norwegian Greentech hovudkontoret.- Vi starta året med seks tilsette. No er vi 13, og vi kjem til å vekse endå meir, seier Gjelseth.
I tillegg til samarbeid med MMC, har selskapet samarbeidet med Pipe Systems i Haugsbygda.
- Vi vurderer også å starte produksjon i Romania, men alt sals- og utviklingsarbeid skal skje frå Herøy. Det er her vi skal ha basen vår, seier Gjelseth.
Havyard-eigd
Saman med broren Håvard og onkelen Terje, eig dei 23 prosent av selskapet. Resten er eigd av Havyard Group.Børge Gjelseth er optimist.
- Det seier veldig bra ut no. Kundane er storleg fornøgde, og vi har eit produkt som er ettertrakta.
- No er vi endeleg klare til å gi full gass.
Vi har heile tida hatt trua, men det er uansett godt å sjå at vi endeleg får betalt for all innsatsen
Publisert: 18.12.2019 16:11
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:48