Sjaa her Ny kiosk paa Vigra
KIOSK: Avinor har retta seg etter klager på manglande kiosktilbod utanfor sikkerheitskontrollen, og opna kiosk utanfor ankomsthallen.
Nytt

Sjå her: Ny kiosk på Vigra

Avinor har fått klager på at dei einaste kiosktilbodet på Vigra ligg innanfor sikkerheitskontrollen. No er det tatt affære og starta kiosk utanfor ankomsthallen.

30.06.2014
- Det er første gongen sidan ombygginga i 2009 at det vert opna ein ny storkiosk ved Ålesund lufthamn, Vigra, seier lufthamnsjef Tor Hånde i ei pressemelding.
Han seier at kiosken i første rekke er for passasjerar som kjem med fly, og for dei som hentar og bringer passasjerar.

Klage frå busspassasjerar

Hånde vedgår at Avinor har fått ein del klager fra ankomne passasjerar som må vente på buss, og frå dei som hentar og bringer passasjerar på at det ikke har vore mogleg å få kjøpe mat og drikke utanfor sikkerhetskontrollen.
- Med ei forventning om 1,1 millionar terminalpassasjerer i 2014, er vi glade for å kunne tilby eit serveringstilbod også til dei som ikkje sjølv skal reise fra lufthamna, seier Hånde.
Drivar av kiosken er selskapet Select Service Partner, som også er drivar av dei øvrige serveringsstadane på flyplassen på Vigra.

Publisert: 30.06.2014 10:48

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:34