Nytt
Statoil-kontrakt for "Asper Victoria"
Etter tre kolsvarte månader, har det lukkast Herøy-reiarlaget Asper Norway å få kontrakt for vaktskipet "Asper Victoria".
11.04.2014
- Ja, i januar, februar og mars har det vore kolsvart når det gjeld nye vakt- og beredskapsoppdrag, seier dagleg reiar Jetmund Runde i Asper Norway.
Han oppyser at Statoil-avtalen var den første ledige kontrakten hittil i år. No ser han fram til å få båten i arbeid.
- Denne båten har lege i opplag ei stund i Volda, og det var nok enkelte som lurte litt på kva som skjedde.
- Men no kan eg trøyste alle skeptikarar om at båten går frå kai fredag med kurs for Tordis-feltet i Nordsjøen.
- Ei viktig kontrakt for oss. Det er ein millionkontrakt, men eg vil ikkje gå meir i detaljar, seier Runde.
Den 51 år gamle tidlegare trålaren skal ha eit mannskap på ti fordelt på to skift.
- Mannskapet er frå Sunnmøre, seier Runde.
Les meir .
Di to er berre 28 år gamle, og har i tillegg til "Asper Victoria" også vakt- og beredskapsbåten "Asper Maria", som mellom anna har hatt vaktoppdrag i Barentshavet.
- Men med denne siste kontrakten i hamn, kan det nok verte aktuelt å sjå på desse planane på nytt, seier Jetmund Runde.
Han oppyser at Statoil-avtalen var den første ledige kontrakten hittil i år. No ser han fram til å få båten i arbeid.
- Denne båten har lege i opplag ei stund i Volda, og det var nok enkelte som lurte litt på kva som skjedde.
- Men no kan eg trøyste alle skeptikarar om at båten går frå kai fredag med kurs for Tordis-feltet i Nordsjøen.
Millionavtale
Asper Norway har nemleg inngått ein avtale med Statoil om vakt- og beredskapsoppdrag på Tordis-feltet, som ligg vest av Haugesund.- Ei viktig kontrakt for oss. Det er ein millionkontrakt, men eg vil ikkje gå meir i detaljar, seier Runde.
Den 51 år gamle tidlegare trålaren skal ha eit mannskap på ti fordelt på to skift.
- Mannskapet er frå Sunnmøre, seier Runde.
Unge reiarar
Saman med kollegaen Håvard Årsheim frå Austefjorden, har Jetmund Runde frå Runde bygt opp reiarlaget Asper Norway.Les meir .
Di to er berre 28 år gamle, og har i tillegg til "Asper Victoria" også vakt- og beredskapsbåten "Asper Maria", som mellom anna har hatt vaktoppdrag i Barentshavet.
Nybygg
Reiarlaget har vurdert å satse på nybygg, men har lagt planane litt på is.- Men med denne siste kontrakten i hamn, kan det nok verte aktuelt å sjå på desse planane på nytt, seier Jetmund Runde.
Det er ein millionkontrakt, men eg vil ikkje gå meir i detaljar
Publisert: 11.04.2014 15:05
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:32