Ulmatec Pyro planlegg ny fabrikk
VEKST: Auke i eksporten meir enn erstatta at marknaden i Noreg blei tøffare i fjor. Ulmatec Pyro-sjef Jan Petter Urke vil utvide kapasiteten og har ny fabrikk på trappene. 
Nytt

Ulmatec Pyro planlegg ny fabrikk

Ulmatec Pyro har kjøpt 60 meter strandlinje for å bygge ny, automatisert sveisefabrikk i Søvika.

12.07.2016
Trass nedtur for offshorereiarlaga, utsetjingar og kanselleringar har Ulmatec Pyro i Søvika Haram aldri hatt høgare driftsinntekter enn i i fjor (sjå tabell). Overskotet før skatt tilsvarar 17,9 prosent av driftsinntektene. No er utviding av anlegget i Søvika på trappene.
Målet er vidare vekst. Bedrifta har allereie kjøpt grunn og tinga fyllmasse for å planere tomt til den nye fabrikken.
Dagleg leiar Jan Petter Urke seier selskapet er i ferd med å kartlegge kva for robotteknologi som er aktuell i den nye fabrikken, og han reknar med at ei avgjerd om bygging kan blir tatt i løpet av året. Det er først og fremst produksjonsutstyret som kostar, og Urke vil førebels ikkje seie noko om kor stor investering det kan bli snakk om.

Teknologi-sprang

Ulmatec Pyro har spesialisert seg på energigjenvinnings-system og varmeutnyttings-system ombord i skip og riggar. Det handlar om å utnytte overskotsvarme frå maskiner som går på fossilt drivstoff.
-Dette er den største innovasjonen som har skjedd sidan overgangen frå dampmaskin til dieselmotor, sa Urke då Ulmatec Pyro i fjor lanserte eit varmegjenvinningsanlegg som også gir elektrisk kraft. Urke seier selskapet har ytterlegare tre nyutvikla system klare for lansering.

Eksportvekst

Langsiktig arbeid med utvikling og langsiktig arbeid på eksportmarknaden ligg bak at selskapet også i fjor hadde framgang, i følgje Urke. Og så langt ser 2016 ut til å ende på line med 2015.
Ein nedgang i den norske marknaden i fjor blei meir enn erstatta av vekst i utlandet. Veksten kom i EU/EØS-landa, men spesielt i Asia. Sal til Asia og andre land utanom EU/EØS var på 29 millionar kroner i fjor. Det utgjorde over ein tredjepart av dei samle driftsinntektene i 2015. I 2014 var eksporten til land utanom EU/EØS berre ni millionar kroner.
Langsiktig er stikkordet for eksportveksten, og spesielt i Asia i følgje Urke.
- Der kan du ikkje berre kome den dagen ordreboka er tom. Du må arbeide deg inn, seier han.

Riggsatsing

Dei to nye oppjekkbare riggane Statoil har fått bygd hos Samsung i Korea har system for utnytting av spillvarme frå Ulmatec Pyro ombord.
Urke seier selskapet vil halde fram satsinga på riggmarknaden. Han ventar ein oppsving i den delen av marknaden, men neppe i år.
Ulmatec Pyro har 40 tilsette.
Selskapet er eigd av Ulstein Martine Technology (Ulmatec) (55 prosent) og Pyrofabrikken (45 prosent).
Pyrofabrikken er eigd av Ove Arild, Palmar Svenn og André Bjørnøy.

Publisert: 12.07.2016 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:58