Bent martini dåp i herøy foto Ogne
ALLE FIRE SKIP I DRIFT: Havila Kystruten-sjef Bent Martini. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Ventar pluss med full drift

2. kvartal var siste kvartal med berre to av fire skip i trafikk for Havila Kystruten.

15.09.2023

Havila Kystruten hadde positivt driftsresultat før av- og nedskrivingar (ebtida) i både 2. kvartal og 1. halvår dersom dei ekstraordinære kostnadane ikkje blir rekna med, ifølgje selskapet sin delårsrapport for 1. halvår og 2. kvartal.

Dei ekstraordinærer kostnadane er kostnaden med å halde seg med mannskap til fire skip, sjølv om reiarlaga fekk dei to siste til 3. kvartal, juridiske kostnadar i samband med refinansieringa og arbeidet med å fri seg frå banda til sin opphavlege långiver, eit statseigd russisk selskap. I tillegg kom høge LNG-prisar.

Når desse kostnadane ikkje er rekna med er ebitda for 2. kvartal på 60 millionar kroner og for 1. halvår på 80 millionar. Det gir positivt driftsresultat også etter av- og nedskrivingar (ebit) i 2. kvartal, men minus i resultat før skatt.

For 3. og 4. kvartal i år reknar Havila Kystruten med positiv ebitda i begge kvartala.

Hittil i år har selskapet hatt eit gjennomsnittsbelegg på 60 prosent. Det er mindre enn selskapet hadde venta. Uvisse om levering av dei to siste skipa førte til avbestillingar i følgje selskapet.

"Med tanke på 2024 er bookingraten svært lovende, da 50 prosent av kapasitetsmålet allerede er nådd", heiter det i delårsrapporten.

Les børsmelding her
Havila Kystruten as
1. halvår. I mill kroner20232022
Driftsinntekt288,6113,2
Driftsresultat-159,2-133,4
Resultat før skatt-315,9-233,8
Havila Kystruten as
2. kvartal. I mill. kroner2023
Driftsinntekt172,1
Driftsresultat-38,8
Resultat før skatt-133,2

Publisert: 15.09.2023 17:47

Sist oppdatert: 15.09.2023 17:47