
Stillinger
Finansiell rådgivar Personmarknad Sande
Vil du bli ein del av Team Møre?
Vi søker engasjert rådgivar
Vi har vi ledig stilling som finansiell rådgivar for personkundar, og ser etter deg som vil jobbe ved kontoret vårt på Larsnes. Kan også vere mogleg å jobbe enkeltdaga ved kontoret vårt i Fosnavåg, etter nærmare avtale. Kvar er di heimebane?
Arbeidsoppgåver og moglegheiter:
Som finansiell rådgivar får du ansvaret for dine eigne kundar, og du vil følge kundane gjennom alle livets fasar ved å gi trygg og god økonomisk rådgiving. Du får jobbe bredt og hjelpe kundane både med finansiering, forsikring og sparing. Vi ønskjer at du som rådgivar skal arbeide aktivt for å skaffe nye kundar til banken.
I tillegg til gode kollegaer ved lokalkontoret blir du også ein del av eit større team og får bidra i ulike prosessar. Vi er først og fremst opptatt av å skape gode opplevingar for kundane våre, kvar dag.
Det er flott om dette er deg:
• Du får lett kontakt med menneske og skapar gode relasjonar
• Du er serviceinnstilt, har personleg drivkraft og er glad i å lære
• Du har relevant utdanning og erfaring innan økonomi og finans
Det vil vere ein stor fordel om du allereie er autorisert finansiell rådgivar. Dersom du manglar ein eller fleire autorisasjonar vil du følgje eit utdanningsløp gjennom Møreskolen, vår eiga kompetanseavdeling. Uavhengig av din bakgrunn vil vi gi deg grundig opplæring, og vi ser etter ein medarbeidar som passar godt inn i vårt team. Det viktigaste for oss er deg, din kompetanse og ditt engasjement!
I Team Møre gløder vi for lokalsamfunnet, og håper du gjer det same. Vi ønsker å gjere ein forskjell, no og i framtida og ser difor etter deg som kjenner deg att i våre verdiar: engasjert, nær og handlekraftig.
Vi skapar verdiar saman
Dette er vårt løfte til deg som medarbeidar. I tillegg til at du får ei rekke godar som tilsett i Sparebanken Møre, skal du også oppleve at vi som arbeidsgivar bidreg til å skape arbeidsglede og at du skal få innflytelse. Vi skal satse på din kompetanse, og saman skal vi vere pådrivarar for verdiskaping.
Ved kontora våre på Larsnes og i Fosnavåg jobbar det i dag 10-12 rådgivarar. I tillegg vil du få omtrent 400 kollegaer fordelt på hovudkontoret i Ålesund og våre kontor i Møre og Romsdal, og Oslo. Vi jobbar kvar dag for å ha eit ope og inkluderande arbeidsmiljø, og vektlegg samarbeid, utvikling og kompetansedeling.
Vi håper du er inspirert til å bli ein del av Team Møre!
Søk innan 8. juni
Om arbeidsgiveren
Sparebanken Møre er den største banken på Nordvestlandet med kraft til å dyrke skaparkulturen som er her. Vi gir støtte til små draumar og store visjonar. Vi lagar møteplassar, nettverk og felleskap. Vi skal skape ein forskjell for kundane våre.
Vi har over mange år bygd opp eit stort kompetansemiljø knytt til person- og bedriftsmarknaden, samt aksje-, rente- og valutamarknaden. Saman med Møremegling er vi ein fullservicebank for personar, bedrifter og det offentlege. Vi har ein sterk kredittrating både nasjonalt og internasjonalt.
Nordvestlandet er ein region i utvikling med spanande moglegheiter og utfordringar for både privatpersonar og bedrifter. Vi skal vere pådrivar for lokal skaparglede, slik at vi kan fortsette å vere ein aktiv og engasjert bidragsytar til berekraftig utvikling av regionen vår framover. Med kontor over heile regionen, kjenner vi Nordvestlandet godt. Det er her vi gir tilbake. Det er her vi høyrer til.
Per Ronald Knutsen
Banksjef Herøy og SandeAnton Flåen
Seniorrådgiver HR- 995 00 260