
Stillinger
Forskar marinbiolog
Runde Forsking utfører marin forsking, kartlegging og miljøovervaking som bidreg til å bygge opp kunnskapsgrunnlaget for berekraftig forvalting, og gjennomføre tiltak mot marin forsøpling. Vi har eit utstrekt og nært samarbeid med dei største nasjonale forskingsinstitusjonane innan feltet, og god kontakt med regionalt og nasjonalt næringsliv og internasjonale forskingsinstitusjonar. Runde Forsking er ein frittståande forskings- og feltstasjon på øya Runde. Vi er ein del av Runde Miljøsenter, som også omfattar eit besøks- og formidlingssenter drifta av Opplev Runde. Saman utgjer vi eit kreativt forskings- og formidlingsmiljø. Øya Runde er ein unik lokasjon med tanke på naturmangfald mellom fjordane og ope hav, med Noregs sørlegaste fuglefjell og ulike marine habitat i nærområdet. Der er kort veg til Fosnavåg, og grei avstand til Volda, Ørsta og Ålesund.
Ansvar og arbeidsoppgåver
Forskaren skal ta del i pågåande og framtidige forskingsprosjekt innan marin økologi, arealbruk, økologisk tilstand, og kartlegging og overvaking av det marine miljøet. Forskaren skal vere med å utvikle dessa fagfelta og delta i nye søknadar i samarbeid med nasjonale og internasjonale institusjonar. Arbeidet og forskinga skal formidlast til både fagfolk og elles til befolkninga gjennom formidlingssenteret.
Ønska kvalifikasjonar og personlege eigenskapar
- Doktorgrad eller mastergrad (med relevant arbeidserfaring) innan marin biologi/økologi.
- God marinbiologisk og økologisk kompetanse, særskilt knytt til fiskeribiologi.
- Erfaring med å skrive forskingssøknadar og rekvirere prosjekt, samt prosjektleiing.
- Erfaring med formidling av forskingsresultat til ulike målgrupper.
- Gode kommunikasjonsevner på både norsk og engelsk.
- Kunne jobbe aleine og sjølvstendig, men vere ein god lagspelar som er vant til strukturert kommunikasjon og utveksling.
- Lyst og glede til å jobbe med menneske av ulik bakgrunn.
Vi tilbyr
- Arbeidsstad på vakre Runde saman med dyktige og engasjerte kollegaar.
- Fleksibel arbeidstid, moglegheit for heimekontor eller kontor på Hareid.
- Ein utfordrande og spannande jobb, med mogelegheiter for personleg vekst og utvikling.
- Eit positivt, mangfaldig og dynamisk arbeidsmiljø basert på gjensidig respekt og tillit.
- Løn etter avtale.
Har du spørsmål om stillinga kan du kontakte dagleg leiar Inge Bruheim eller seniorforskar Christoph Noever.
Søknadsfrist: 20.10.2025
Christoph Noever
Seniorforska- 96725134
Inge Bruheim
Dagleg leiar- 41646382