Logo

Stillinger

Innkjøpar

Vik Ørsta
Søknadsfrist: 09.11.2025
Tiltredelse: Etter avtale
Varighet: Fast

Vil du bli ein del av vårt innkjøpsteam?

Vi ser etter ein ny kollega som kan bidra til kontinuerlig forbetring og utvikling i vår innkjøpsavdeling.

Hovudoppgåver vil vere:

  • Innkjøp av varer basert på behovsplan i ERP-system
  • Prisforhandling/kostnadskontroll mot leverandørar
  • Regelmessig vurdering av leveransesituasjon frå leverandørar

Vi ser etter deg som:

  • Har teknisk utdanning og/eller relevant erfaring innanfor innkjøp og logistikk
  • Gjerne har erfaring frå innkjøp, sourcing og prosjekt innanfor og utanfor Europa
  • Er ein god og profesjonell forhandlar Arbeider systematisk, sjølv når det er travelt
  • Er positiv og ynskjer å lære

Slik søkjer du:

Send søknad, CV og vedlegg via lenka på denne sida. Har du spørsmål om opplasting av CV? Kontakt Jobbnorge på tlf. 75 54 22 20.

Flytte til Ørsta?

Vil du ha kort veg til jobb, barnehage og SFO? Då er Ørsta staden for deg og familien din. Her finn du vakker natur og gode jobbmoglegheiter. Ørsta ligg sentralt til på Sunnmøre, med tilgang til både kyst- og fjellområde for gode naturopplevingar. Her kan du nyte skiturar om vinteren og båtliv om sommaren. I tillegg er regionen kjend for sitt sterke næringsliv, med moglegheit for personleg og profesjonell utvikling. Med lokal flyplass er vegen kort til resten av verda. Ørsta og Sunnmøre er ein flott stad å bu og arbeide, så kvifor ikkje flytte hit og starte eit nytt eventyr med familien din?

Søk her

Søknadsfrist: 09.11.2025

 

Vik Ørsta er leiande industri- og kunnskapsbedrift med produkt innan marknadsområda Lysmast, Rekkverk, Bergsikring, Marina og Design. Bedrifta er lokalisert i Vik i Sogn og i Ørsta på Sunnmøre med ca. 300 tilsette. 

Les meir om Vik Ørsta på www.vikorsta.no

Vik Ørsta er det største enkeltselskapet i Saferoad-konsernet. Saferoad er med på å legge premissane og utvikle framtida sine infrastrukturløysingar for å auke sikkerheita til trafikantane. Konsernet har 2500 medarbeidarar i 13 land.

Les meir om Saferoad på www.saferoad.com

Se www.vikorsta.no/

Arbeidsgiver
Vik Ørsta
Kontaktpersoner

Hermund Farnes

Innkjøpssjef