Arnstein starta som omreisande fiskehandlar
FASTE RUTER: – No har eg klart å kome i ein situasjon som er ønskeleg ved å fungere som ein leverandør dit eg køyrer fast, fortel Arnstein Solevåg. Draumen er eige røykeri og han ser med spenning på utviklinga i lokalmatmarknaden.
Nytt

Arnstein starta som omreisande fiskehandlar

Hornindal, Ørskog og Giske er på etableringstoppen på Nordvestlandet.  Arnstein Solevåg i Go’ Fisken er ein av dei som har starta ny verksemd.

Marius Rosbach
16.11.2019
Nye verksemder kjem til i høgt tempo på Nordvestlandet. Ei oversikt frå årets viser at det er dei tre kommunane Hornindal, Ørskog og Giske som er på etableringstoppen etter tredje kvartal om ein måler etter nye verksemder per tusen innbyggjar (sjå fakta til høgre - under om du les på mobil).
Ein av dei som har starta opp ny verksemd er Arnstein Solevåg. 52-åringen som er busett på Sjøholt har ved sidan av turnusjobb som kokk, no også er blitt omreisande fiskehandlar.
– Det går i alle typar fisk som torsk, sei, hyse - i hovudsak porsjonspakkar eller filet. Også går det litt reke og kongekrabbe, fortel han.

Kundane styrer utvalet

Varene kjem stort sett frå nokre få faste lokale leverandørar. Fire gonger i året fyller han opp bilen og køyrer til Rogaland, Trøndelag og Austlandet. Kundane er privatpersonar som gjerne kjøper fleire månaders forbruk om gongen.
– Det blir i stor grad styrt av kva kundane vil ha, og opp mot jul og påske er det gjerne sesongvarer, seier han.
Arnstein avtalar med kundane kva veke han kjem og varslar på sms når det nærmar seg tidspunkt for levering.
– Det er ein ideell situasjon samanlikna med å springe på nye dører for å få sal.

Les også:


Tok over frå bekjent

Dei nye føretaka er ulike på svært mange vis. Fylkesstatistikken frå Møre og Romsdal fylkeskommune viser at det var flest bedrifter som starta opp i privat tenesteyting i løpet av fjoråret. Bygg- og anlegg og varehandel følgjer på dei neste plassane.

Arnstein Solevåg tok over fiskebilen Go' Fisken frå ein bekjent og kom slik sett til meir «dekka bord» enn mange. Men som mange andre har han fått god hjelp frå familie og vennar til å kome i gong.
Kontakten med kundar, interessa for sjømat og gleda over å selje er mellom drivkreftene. Han har tidlegare hatt eige selskap i cateringbransjen og er vande med at «nok tid» er ei evig utfordring som sjølvstendig næringsdrivande.
– Eg er vande med å ha den drivkrafta som ein må ha. Det er klart at inntekta varierer, men slik er det når ein held på med sitt eige, fortel han.

Draumen er eige røykeri

Tidlegare hadde Arnstein eit enkeltmannsføretak, men starta opp aksjeselskap ved starten av året. Per no er han nøgd med «vekselbruket» mellom kokkejobben og fiskesalet, men han leikar med idear for korleis han kan trappe opp.
– Draumen er å ha eige røykeri. Slik kan eg vere sjølvforsynt og få større forteneste. Men det er eit stykke veg å gå dit og det krev stor innsats, legg han til.
Kona har lurt på om han ikkje bør satse meir lokalt. Arnstein «tek signala», som han seier, og jobbar med heimeside og Facebook-side som han tenkjer nytte til meir lokal marknadsføring.
– Men å pleie dei eksisterande kundane er også viktig. Viss ikkje finn dei en ny leverandør. På same vis som i dei fleste bransjar er det knallhard konkurranse, påpeiker han.

Les også:


Positivt med arbeidsplassar

Høge råvareprisar og trekkfulle campinghytter er andre utfordringar i verksemda som omreisande fiskehandlar, men Arnstein likar arbeidet.
– Det er mykje jobb i starten, men om ein får god drift er det kjekt med den friheita det gir å drive eige, seier han.
Kvifor Ørskog er på etableringstoppen i oversikten i årets , vil han ikkje slå fast. Og truleg er det eit visst utslag av slump. I 2018 plasserte Ørskog seg rett under gjennomsnittet på ni etablerte bedrifter per tusen innbyggjarar, ifølgje SSB-tal.
– Men det er nokre gründerar her frå bygda som har starta opp bedrifter som er blitt ganske store. I tillegg er det ein god del som har bedrifter med nokre få tilsette. Det er positivt med alt som er med på å skapar noko i bygde-Norge, og tillegg gir arbeidsplassar, avsluttar han.

Synspunkt:


Les også:

(årets tema: Matfatet)
Det er mykje jobb i starten, men om ein får god drift er det kjekt med den friheita det gir å drive eige

Publisert: 16.11.2019 05:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:44