Dette blir ei belastning baade for bedrifter og familiar
Nytt

– Dette blir ei belastning både for bedrifter og familiar

Alle skular, barnehagar, vidaregåande, høgskuler og universitet i landet blir stengt, i tillegg til fleire bedrifter. 

Marius Rosbach
12.03.2020
Statsminister Erna Solberg la torsdag fram dei strengaste tiltaka som er innført i landet i fredstid. Saman med helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) la ho fram nye tiltak for å hindre spreiing av koronaviruset.
– Dette blir ei belastning både for bedrifter og familiar, understreka statsministeren.
Tiltaka er gjort etter smittevernlova og gjeld frå torsdag 12. mars klokka 18, til og med 26. mars.
(ekstern lenke)

Bedrifter må halde stengt

I tillegg til at alle utdanningsinstitusjonar og barnehagar blir stengt, blir ein rekke bedrifter råka av tiltaka.
Verksemder som treningssenter og frisørar, eller andre som driv med kroppspleie og liknande, må halde stengt. Det same gjeld alle verksemder som serverer mat - der ein ikkje kan legge til rette for at det er mogleg å halde minst ein meters avstand til kvarandre.
– Det er eit ønske om at dei som kan jobbe heime, gjer det, sa Solberg.
Det blir også forbod mot alle kultur- og idrettsarrangement og all organisert idrett både innandørs og utandørs. Også symjehallar og badeanlegg skal halde stengt inntil vidare.

Oppmodar om å unngå alle reiser

Helseministeren påpeika at det var nødvendig å samtidig legge til rette for at personar som må gå på jobb, kan gjere det.
– Leiarar ved barnehagar og rektorar ved skular må sørge for at barna til foreldre med samfunnskritiske funksjonar får eit omsorgstilbod, sa Høie.
Av same årsak skal kollektivtilbodet oppretthaldast, men alle blir oppmoda om å unngå alle former for reiser, som ikkje er nødvendige.
Alle personar som har vore på reise utanfor Norden dei siste to vekene, skal også gå i karantene. Det blir gjort vidare tiltak for å sikre at ein har nok helsepersonell på jobb i tida framover.

Oppmodar til å unngå hamstring

Alle varehandel og daglegvarebutikkar vil halde ope som vanleg, og statsministeren påpeika at det ikkje var nokon grunn til å hamstre varer.
– Hamstring er usolidarisk, sa Solberg og forsikra om at det ikkje var grunn til å frykte varemangel.
Mellom anna reiselivet er allereie råka og regjeringa kjem med fleire tiltak retta mot utsette næringar.
– Vi ser at nokre bransjar blir råka raskt, sa statsministeren og viste til i veka.
– Vi vil også sjå på sterkare tiltak etter kvart, både for bransjar som blir råka hardt, men også tiltak som bidreg til å auka aktiviteten for næringslivet, la ho til.

Les meir:


(ekstern lenke)
(ekstern lenke)

Publisert: 12.03.2020 14:11

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:54