God start for utleige av minilager
OFFSHORE OG EIENDOM: Bent Eide Solholm (innfelt) jobbar offshore og driv med eigedom og utleige ved sidan av. Han har merka stort etterspurnad etter at han starta utleige av minilager.
Nytt

God start for utleige av minilager

Det er aukande etterspurnad for «smålagring». Bent Eide Solholm måtte utvide kort tid etter han starta opp med utleige i Skodje.

Marius Rosbach
20.11.2019
Bent Eide Solholm starta for eitt år sidan opp utleige av sokalla minilager ved Håhjem næringspark i Skodje. I haust auka han tilbodet frå 14 til 18 konteinarar – og fleire er på veg.
– Det er full aktivitet og god etterspurnad. Alt bortsett frå éin er leigd ut no, fortel Solholm til NETT NO.

Sjølvbetente og «ope» heile døgnet

Godt synleg frå europavegen på Håhjem er det plass til fleire konteinarar på området. Solholm peiker på at Håhjem er sentralt plassert i eit område med stor aktivitet med trafikken mellom Digernes og Moa-området rett forbi.
– Det har mykje å seie at område er lett tilgjengeleg for å kunne køyre til og med til bil. Det har vore jamn etterspurnad både frå private og firma. Kundane kjem frå nærområde, men også Ålesund, Moa og Spjelkavik-området, fortel han.
Alle lagera er sjølvbetente og «ope» heile døgnet. I tillegg leiger han ut konteinere til byggeplassar.

Les også:



Offshore og eigedom

Verksemda i Smartbox Minilager er organisert i selskapet Solholm Eiendom, som har vore i drift sidan starten av 2000-talet. Der er Bent Eide Solholm dagleg leiar, ved sidan av offshore-jobb.
Selskapet er også involvert i to andre firma som driv me utleigde og utvikling av eigedom.
– Området ligg i tilknyting til ei anna eigedom som vi eig, og leigar ut til anna næring, seier han.

Landsdekkande aktør

Ein rekke aktørar har i løpet av dei siste åra starta opp tilsvarande tenester på Nordvestlandet. Ok Minilager som er eigd av det børsnoterte selskapet Self Storage Group, etablerte seg i Ålesund i 2013. I 2017 utvida dei med ei ny avdeling.
– Vi har også avdelingar i Molde og Kristiansund. Utleige av minilager har tradisjonelt sett vore konsentrert rundt dei største byane, men vi ser aukande etterspurnad også i mindre marknader, fortel dagleg leiar Fabian Søbak til NETT NO.
Frå andre kantar av landet er det peika på flyttetrenden frå einebustader til leilegheiter, som ei årsak til deler av auka etterspurnad.
Ok Minilager har til saman kring 70 avdelingar rundt i Norge og selskapet eig i hovudsak eigedomane sjølv.

Les også:



Utleige av minilager har tradisjonelt sett vore konsentrert rundt dei største byane, men vi ser aukande etterspurnad også i mindre marknader

Publisert: 20.11.2019 05:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:45