Har vore masse folk som hamstrar
MANGE KUNDAR: Kjøpmann Jon Robert Moen ved Meny Fosnavåg fortel at det har vore store pågang med kundar torsdag. 
Nytt

– Har vore masse folk som hamstrar

Stikk i strid med råda frå både regjering og matvarebransjen, er det tydelege tendensar til at folk hamstrar matvarer. 

Marius Rosbach
12.03.2020
Torsdag innførte regjeringa ei rekke der folk har nærkontakt med kvarandre. Samtidig gjekk det ut ei oppmoding om ikkje å hamstre matvarer.
Mange daglegvarer og apotek opplever likevel lange køar med folk som hamstrar torsdag, melder Nynorsk Pressekontor.

– Får varelevering som normalt

Også lokalt på Nordvestlandet er det usedvanleg stor pågang frå kundar.
– Det er ingen tvil om at det har vore masse folk som hamstrar matvarer. Kanskje er det usikkerheita som slår inn ved at folk vil sikre seg, fortel Jon Robert Moen ved Meny Fosnavåg til NETT NO.
Han fortel at det går mykje varer med lang haldbarheit, og ser ikkje vekk frå at dei kan gå tom for enkelte varetypar.
– Vi har fått beskjed om at vi får varelevering som normalt og stolar på det. Samtidig er det klart at butikkane også vil bestille meir varer enn vanleg, når dei ser at det går mykje, legg han til.

Les også:


– Ikkje nødvendig

Nærings- og fiskeridepartementet får torsdag fleire meldingar om matvareforsyninga etter at tiltaka blei kjent.
– Som ansvarleg statsråd for matvareforsyninga er eg oppteke av at det ikkje er nødvendig å hamstre. Sjølv om nokon kan oppleve tomme hyllar no, så er det nok mat og andre daglegvarer til alle. Det vil komme etterforsyningar fortløpande. Vi har dagleg kontakt med rådet for matvareberedskap og følgjer situasjonen tett, forsikrar næringsminister Iselin Nybø (V) ifølgje NPK.

– Kan skape utfordringar

Dei store kjedene har merka at fleire vel å hamstre og matvaregigantane Rema 1000, Coop og Norgesgruppe gjekk torsdag ut med ei felles oppmoding om å la være.
– Hamstring er unødvendig og kan skape utfordringar. Om alle handlar som normalt, er det nok varer til alle, heiter det i ei pressemelding frå kjedene.
Daglegvarekjedene påpeiker at det er nok varer både i butikk og på lager, og det er ikkje er noko som tilseier at det skal bli varemangel.
– Vi har framleis god tilgang på varer frå leverandørar, heiter det i meldinga.

Les også:



(ekstern lenke)

Publisert: 12.03.2020 17:34

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:54