Korona handtering paa fulltid
KORONA: Leiar for DNB Sunnmøre, Bernt Skjong, seier bedriftskundane spør om to ting, hjelp til valutasikring og å få utsett avdrag.
Nytt

Korona-handtering på fulltid

Sidane regjeringa stengte store deler av landet har det gått i eitt med korona-handtering for Bernt Skjong i DNB Sunnmøre.

16.03.2020
- Vi er opptatt med å snakke med kundane for å finne ut kven som er mest berørt og kva for marknadar som er mest berørt, seier Skjong.
Det spesielt to spørsmål banken jobbar med, spørsmål om å få utsett betaling av avdrag og spørsmål om valutasikring av eksporten.
Medan valutasikring handlar om å sikre gevinsten av ei positiv valutautvikling - sett frå eksportørane si side, handlar avdragsutsetting om å sikre at bedriftene ikkje går tomme to pengar på grunn av tiltaka for å stoppe eller bremse koronasmitte.
Banken behandlar kvar forespørsel om å få utsette avdrag individuelt.
- Førebels har vil valgt å ikkje ha ein kollektiv utsettelse, seier Skjong.
DNB og Sparebank1 SMN har varsla rentekutt på bustadlån i samband med koronaepidemien.

Nesten automatisk

Terje Krøvel, som leiar næringslivsavdelinga i Sparebanken Møre seier alle dei 50 i avdelinga arbeider med korona-handtering i dag. Banken har gått langt i retning av å automatiserer søknadar om å få utsett betaling av avdrag.
- Dei som frå før av har hatt ein ryddig økonom, dei gir vi automatisk seks månaders avdragsutsettelse, seier han.
Eirik Kavli, leiar for Ørskog Sparebank seier reiselivbedriften først merka koronaeffekten.
- Det skal tungvegande grunnar til for å seie nei, seier Kavli om korleis banken handsamar bedriftskundar som ber om å få vente med avdraga.

Risikere konkurs

Regjeringa varsla søndag at den vil opprette to garanti- og låneordningar på til saman minst 100 milliardar kroner for å sikre lån til næringslivet. Målet er å halde i live storparten av bedriftene som blir råka av korarestriksjonane.
Det er framleis frå bankar og obligasjonsmarknaden pengane skal lånast. Låne- og garantiordningar skal dempe risikoen for utlånarane og det er framleis bankane som vurderer kven som får lån. For kundar med god økonomi før koronaepiodemien kom er det ei relativt grei sak å få utsett avdrag, sier Jan Rune Hurlen, som leier næringslivsavdelinga i Sparebank1 SMN på Nordvestlandet. Men epidemien løyser ikkje problema for dei som sleit før epidemien kom.
- Det er ikkje noko konkursfreding på grunn av korona, seier Hurlen.

Søkjer gjennom nettbanken

Også privatkundar får utsett betaling av avdrag.
Hos Sparebank1 Søre Sunnmøre søkjer privatkundar om avdragsutsettelse gjennom nettbanken. For dei som har betalt avdrag og renter i tide er langt på veg ein automatisk prosess på få ja, i følgje administrerande direktør Stig Brautaset.

Publisert: 16.03.2020 15:29

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:54