Legg minst 100 milliardar paa bordet
NYE TILTAK: Finansminister Jan Tore Sanner og statsminister Erna Solberg på pressekonferansen søndag. 
Nytt

Legg minst 100 milliardar på bordet

Nye garanti- og låneordningar skal hjelpe næringslivet gjennom koronakrisa. 

15.03.2020
Fredag 13. mars kom dei første tiltaka for å dempe skadeverknadane av koronaepidemien for næringslivet. Søndag kveld la statsminister Erna Solberg og finansminister Jan Tore Sanner fram ytterlegare tiltak.
Målet med tiltaka er at bedriftene som misser inntekter på grunn av restriksjonane for å bremse koronasmitten ikkje skal gå tomme for pengar og ha gått konkurs før krisa er over.
Regjeringa løyver minst 100 milliardar kroner til to nye låne- og garantiordningar.
Den eine ordninga, på minst 50 milliardar kroner, er øyremerka små og mellomstore bedrifter. Den skal garantere for utlån frå bankane til bedriftene.
Den andre ordninga, som og er på minst 50 milliardar kroner, er retta mot store bedrifter som ofte låner i obligasjonsmarknaden. Regjeringa vil gjenopprette Statens obligasjonsfondsom skal auke likviditeten og kapitaltilgangen i obligasjonsmarknaden slik at bedriftene framleis får lån.

Tiltaka som blei lagt fram fredag 13. mars omfatta mellom anna at staten skal ta storparten av rekninga når bedrifter permitterer. I staden for at bedriftene må betale dagpengane dei første 15 dagane i permisjonsperioden må bedriftene no berre betale for dei to første dagane.

Regjeringa vil også la bedriftene få vente med å innbetaling arbeidsgivaravgifta som skal innbetalast 15. mai.

Les mer om hvordan koronaviruset påvirker næringslivet i disse sakene:


Analyse:



Richard Grov:



Kjøpmann i Fosnavåg:



Ekstrem auke på hermetikk:



Hotel Union Geiranger:



Regiondirektøren i NHO:



Bytoget:



Erna Solberg:


Publisert: 15.03.2020 20:37

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:54