Permitteringar Regjeringa tar rekninga
FASE EIN: Regjeringa er allereie i gang med å planlegge neste runde med tiltak for å hjelpe næringslivet og norsk økonomi, fortalde statsminister Erna Solberg då ho la fram regjeringa sine første krisetiltak for økonomien i dag.
Nytt

Permitteringar: Regjeringa tar rekninga

Regjeringa kuttar tida bedrifter må betale for permitterte frå 15 til to dager. Sjå lista over dei viktigaste tiltaka.

13.03.2020
Artikkelen blir oppdatert
- Vi ser at dei slit, sa statsminister Erna Solberg då ho snakka om situasjonen for bedriftene på grunn av koronatiltaka.
(ekstern lenke)
I dag legg regjeringa fram strakstiltak for å hindre konkursar og oppseiingar. Tiltaka skal vere målretta, gir rask effekt og vere avgrense i tid, sa Solberg på pressekonferansen. Der lova ho også at ytterlegare tiltak kjem til å kome etterkvart.

Regjeringa sitt anslag er at tiltaka utgjer 6,5 milliardar kroner i lette for næringsliv og kommunar.
Dette er dei viktigaste tiltaka:
Regjeringa tek det meste av kostnaden bedriftene har med å permittere folk. Bedriftene skal berre betale for dei to første dagane folk er permittert, mot 15 dagar i dag.
Permitterte får dagpengar frå første dag.
Sjølvstendig næringsdrivande for utsett betaling av forskotsskatt
Flyavgifter blir kutta. I perioda 1. januar 2020 - 31. oktober 2020 blir det ikkje flypassasjeravgift.
Innovasjon Norge kan gi nye likviditetslån.
Kapitalkravet til bankane er redusert for å stimulere til utlån.
Mellombels får bedrifter tilbakeføre inntil 30 millionar kroner av selskapsunderskot i 2020 mot skattlagt overskot i 2019 og 2018. I dag må slike underskot trekkast frå overskot fram i tid. Poenget med regelendringa er lette likviditetsbelastning på bedriftene og også gjere det lettare for bedrifter å låne pengar.
Eigarar av bedrifter som kan sannsynleggjere at dei går med tap i år kan få utsett forskotsbetaling av formuesskatt.
Kommuneøkonomien blir styrka med 250 millionar kroner.
Her kan du lese Stortingsproposisjonane med framlegga frå regjeringa:


Publisert: 13.03.2020 12:35

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:54