Store kutt paa Vigra stenger Sandane
VIGRA: Wizz Air stoppar måndag alle flygingar til Vigra og resten av Norge.
Nytt

Store kutt på Vigra - stenger Sandane

Onsdag stoppar flytrafikken til Sandane, og måndag stoppar Wizz Air alle flygingar til Vigra. Lufthamnsjef Tor Hånde reknar med store kutt.

13.03.2020
- Det er allereie ein del kanselleringar, og vi forventar at det vil bli eit vesentleg mindre flytilbud over helga i og med at det blir oppfordra til at kun heilt nødvendige reiser blir foretatt.
Det skriv lufthamnsjef Tor Hånde i ein epost til NETT NO etter at det er klart at det ungarske lavprisselskapet frå måndag av stansar alle rutene sine til Norge.
Selskapet har blant anna ruter til Vigra frå Kaunas i Litauen og Gdansk i Polen.

- Ikkje så unaturleg

Hånde seier at konsekvensane er at det vert sterkt redusert tilgjenge mellom Aust-Europa og Norge når Wizz Air stoppar sine ruter.
Men Hånde er ikkje overraska.
- Det er ikkje så unaturleg at flyselskapet gjer eit slikt tiltak. Myndigheitene i Norge har bestemt at alle som kjem til Norge frå land utanfor Norden automatisk vert ilagde 14 dagars karantene etter ankomst. Då fell heile hensikta bort for dei aller fleste med å reise til Norge.
- Dette vil igjen medføre at passasjertala på Wizz Air sine ruter vil bli kraftig reduserte, og tapa for å oppretthalde tilbodet blir for store.

Stenger Anda lufthamn

Hånde seier at passasjertalet over Vigra og dei andre lufthamnene til Avinor har falle dei to siste vekene.
- Etter tiltaka som blei innførde i går, vil det ble ein endå kraftigare reduksjon dei nærmaste dagene.
Fredag ettermiddag opplyser at ni flyplassar vert stengde for kommersiell trafikk frå og med onsdag 18. mars.
Dei ni er:
  • Vardø
  • Berlevåg
  • Sørkjosen
  • Stokmarknes
  • Svolvær
  • Mo i Rana
  • Mosjøen
  • Førde
  • Sandane

Publisert: 13.03.2020 14:31

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:54