Vi kan stenge hotellet som del av nasjonal koronadugnad
GEIRANGER: Dersom det er styrt frå sentralt hald, seier hotelldirektør Monja Mjelva Muren ja til å stenge ned Hotel Union ein periode som ein del av ein stor nasjonal dugnad for å hindre smittespreiing.
Nytt

- Vi kan stenge hotellet som del av nasjonal koronadugnad

Hotelldirektør Monja Muren Mjelva etterlyser sterkare nasjonale koronagrep, og opnar for å stenge Hotel Union ein periode for å hindre koronaspreiing.

11.03.2020
- Ja, dette kan vi vere med på, men dette må vere styrt av sentrale styresmakter, og vere ein del av ein større nasjonal dugnad i kampen mot koronaviruset.
Om hotellet skal stengast, meiner ho at det må skje raskt.
- Viss eit slikt tiltak kan berge sommarsesongen for oss og andre hotell i distrikta, vil vi seie ja til ein slik dugnad, men det avgjerande at dette er noko som er styrt frå sentrale styresmakter som ein del av ein større pakke med tilhøyrande støttetiltak.

Har tatt grep

Hotel Union er den sentrale reiselivsaktøren i Geiranger, og med 70 tilsette i vinterhalvåret og 140 tilsette om sommaren, er hotellet også ein stor arbeidsgivar.
Hotellet har allereie tatt ei rekkje grep for å avgrense smittespreiing.
- Vi følgjer råda frå Folkehelseinstituttet og kommunelegen, men vi gjer også meir for å vere føre var, seier Muren.
Onsdag og torsdag vert .

Les også:


Slutt med buffet

Ingen av gjestane får skjere brødskiver sjølve, eller henta drikke frå drikkebehaldarar. Det er det tilsette som gjer.
- Vi har også kutta ut matbuffetar. No er det tallerkenrettar som gjeld, seier Muren Mjelva.
Det er sett opp anitbac-behaldarar til fellesareala.
- Vi vaskar og reingjer publikumsareala mykje hyppigare enn før, og gjer alt vi kan for å avgrense smittefaren.

- Har handla seint og utydeleg

Men ho etterlyser strengare og klarare nasjonale retningslinjer.
- Eg synst at styresmaktene har handla litt seint og utydeleg.
- Sjølv meiner eg at det hadde vore best å ta kraftigare grep tidlegare. Då kunne denne perioden med smittespreiing og uvisse vorte forkorta.

Les også:



Etterlyser støttetiltak

Ho opplyser at hotellet hat fått ein del kansellering på gruppereiser, og då spesielt frå asiatiske grupper. Hittil er ikkje omfanget så stort, men det endrar seg frå time til time.
- Det er vår- og sommarsesongen vi lever av, så alle kanselleringar er uheldige for oss.
- Dette gjeld for dei aller fleste reiselivsbedrifter i distriks-Norge, så konsekvensane vert fort store for dei ulike aktørane.
Muren Mjelva meiner at regjeringa må kome med støttetiltak.
- Dette er ein så spesiell situasjon, at det også trengst sterkare sentral styring, inkludert støtteordningar for bedrifter som vert ramma.
- Denne utfordringa løyser ikkje marknaden åleine.

Les også:



Dette er ein så spesiell situasjon, at det også trengst sterkare sentral styring, inkludert støtteordningar for bedrifter som vert ramma

Publisert: 11.03.2020 12:54

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:54