Vi skal vere frykteleg glade for at vi bur i eit slikt land
LOEN: Richard Grov stenger blant anna Loen Skylift og Hotel Alexandra, men er sikker på at Norge er det landet som klarer å handtere koronakrisa best. 
Nytt

- Vi skal vere frykteleg glade for at vi bur i eit slikt land

Richard Grov minte sine tilsette på at det kjem dagar etter dette, då dei såg seg nøydd til å permittere 250 tilsette ved Hotel Alexandra, Hotel Loenfjord og Loen Skylift.

19.03.2020
- Er det eitt land som klarer å handtere ein slik situasjon, så er det Norge.
Det seier hotelldirektør Richard Grov ved Hotel Alexandra i Loen.
I helga bestemte Grov seg for å stenge både Hotel Alexandra, Hotel Loenfjord, Loen Skylift og aktivitetane til Loen Active.
250 tilsette vart samstundnes permitterte.
- Det var ei spesiell stemning på allmøtet, men alle var klare til å gjere sitt for å kome gjennom den situasjonen vi no er inne i.
- Men eg minte også alle på at det kjem dagar etter dette, at vi må tenke positivt og tenke framover. Vi skal kome oss gjennom denne prøva.

- God handtering

Grov rosa også styresmaktene for dei tiltaka som er sette i verk.
- Eg synst styresmaktene har handtert situasjonen godt, ikkje for tidleg, ikkje for seint, og med rette tiltak.
- Og vi skal vere frykteleg glade for at vi bur i eit slikt land, seier Grov.

Berg- og dalbane

Han har opplevd ei enorm berg- og dalbane den siste veka.
- Måndag starta vi med masse møter og masse bestillingar. Vi skulle ha fullt trøkk, og så enda det med at vi i helga har null gjestar.
- Det har endra seg enormt fort, og avbestilingane har rausa inn i stort tempo.

- Alle vil tape

Richard Grov seier at alle kjem til å tape pengar på den krisa landet er inne i, ikkje minst reiselivsnæringa.
- Ingen kjem skadefrie frå dette. Alle vil tape.
- Men no tek vi den dugnaden som må til, og sørger for at den situasjonen vi er inne i vert så kortvarig som mogleg.
- Og så kjem det heldigvis dagar etter dette.
Er det eitt land som klarer å handtere ein slik situasjon, så er det Norge

Publisert: 19.03.2020 15:56

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:54