Analyser
Belønning til flinke folk
Orkla investerer halv milliard på Stranda. Det er belønninga til flinke folk.
02.04.2017
ANALYSE
Jubelen braut laus på Stranda denne veka då Orkla-sjef Peter A. Ruzicka kunngjorde at konsernet skal investere ein halv milliard kroner i pizza-produksjonen dei neste fem åra.
Selskapet har enno ikke tatt i bruk alle delar av nybygget som kom i førre investeringsrunde - 150 millionar kroner i 2015 og 2016 - og at Orkla alt no skulle satse enda meir på Stranda var neppe ei almenn forventning.
Men det skjer, og hovudtillitsvald Roger Vangen, hovudtillitsvald for Orkla på Stranda og medlem av Orkla-styret, konstanterte at dette betyr ei kjærkomen sikring av arbeidsplassane.
Då Stabburet (no ein del av Orkla) i 1988 vurderte å flytte pizzaproduksjonen frå Stranda mobiliserte dei tilsette med å jobbe raskare og smartare.
Kombinerte med politisk mobilisering og press enda det med av pizza-produksjonen blei verande, men det hadde aldri skjedd om dei tilsette og leiinga på fabrikken ikkje hadde lukkast med å vise potensialet som låg i fabrikken.
På onsdag var det nettopp omstillingsevna og gode resultat over lang tid som Ruzicka grunngav den nye inveesteringa med.
I Industrimeldinga, som Regjeringa la fram på fredag i denne veka, står litt av forklaringa bak Stranda-suksessen og på at Noreg framleis har ein stor industri.
Norden, og spesielt Noreg framhevar seg som land der folk lærer nye ting heile livet. Delvis er det snakk om etter-og vidareutdanning, men framfor alt læring undervegs i jobben. Mykje av læringa er uformell, utan eksamenspapir og sertifikat, men likevel viktig for å kunne ta i bruk ny teknologi og metodar.
Pizzaproduksjonen forgår ikkje på same vis som då den starta i 1980, men Orkla har ikkje behøvde på skifte ut heile arbeidsstokken for kvar fornying av utstyret. Tvert i mot er ein del av grunnlaget for effektivisering av produksjonen innspel frå tilsette.
Skal bedriftene få drahjelp frå eigne tilsette til å effektivisere produksjonen må det vere tillit mellom eigarar/leiarar og arbeidsstokken. Kven vil legge fram ein god ide dersom alt du kan vente deg er å få fyken fordi du blir overflødig?
Den tilliten er mellom anna eit resultat av ein relativt flat struktur i bedriftene, med stort sjølvstende i arbeidet. Det er sikkert mange som ikkje kjenner seg heilt att i dette i eigen jobb, men hugs at det er er snakk om ei samanlikning mot konkurrentane i andre land.
Regjeringa legg i alle fall vekt på betydninga av bedriftskultur.
"Denne norske bedriftskulturen kan bidra til økt fellesskapsfølelse for bedriften. En demokratisk bedriftskultur og høy grad av tillit bidrar trolig til at arbeidstakere i større grad enn ellers jobber for bedriftens interesser, og det leder til bedre samarbeid mellom arbeidstakerorganisasjoner og ledelsen i virksomhetene.", skriv Regjeringa i Industrimeldinga.
Langs dei moderne produksjonslinene i pizzafabrikken på Stranda er er det framleis manuelle arbeidsoppgåver. Nokre av oppgåve er klare kandidatar til å bli overtatt av maskiner, takka vere sensorar, foto- og gjennomlysingutstyr.
At automatiseringa vil gå sin gang var også hovudtillitsvald Vangen klar på i samtalen med NETT NO. Alternativet er imidlertid verre, og med den veksten Orkla ser for seg vil behovet for folk likevel ikkje bli mindre. Kanskje tvert i mot.
Dei oppmøtte på markeringa av Orkla-investeringa onsdag fekk også ei lita påminning om at lokalpolitikk kan vere avgjerande for næringsutvikling. Skulle Orkla bygge mellom anna nytt fryselager og investere 150 millionar i toårsperioden 2015-2016 måtte selskapet ha meir plass.
Grunnlagsinvesteringar og tomtegrunn måtte kommunen syte for kom på plass. Sidan Stranda hadde bygd seg opp ei solid gjeld, var handlefridomen ikkje stor. Kommunen var plassert på Robek-lista, og måtte spørre Fylkesmannen om lov til å ta opp nye lån.
Heldigvis for Stranda sa han ja, og det sørga Strandaordførar Jan Ove Tryggestad for å takke fylkesmann Lodve Solholm for både godt og grundig i sin tale.
Publisert: 02.04.2017 06:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 21:59