Analyser
Eigarskifte i fiskeindustrien?
Kan fiskarane ta over det som er av landbasert fiskeindustri?
07.01.2018
ANALYSEKomande veke arrangerer Norges Sjømatråd, Nordea Bank og bransje- og arbeidsgivarorganiasjonen Fiskebåt den årlege Ombordfrystkonferansen i Ålesund.Eit årvisst tema på desse konferansane, på talarstolen eller i pausene, er framtida til norsk landbasert fiskeindustri og spesielt den som bearbeider torsk, sei og andre kvitfiskartar.Slik blir det også i år viser programmet til konferansen.Det to faktorar som ligg bak denne debatten.Den eine faktoren er infrastruktur - som gjer det lett å halde fisken fryst fra fiskebåt til daglegvarebutikken, og billeg transport - som gjer at fryst fisk like godt kan vidareforedelast i Kina eller Polen som i Noreg.Det andre er at det berre er såkalla aktive fiskarar som kan eige fiskebåtar og drive fiske. Rett nok er begrepet aktiv fiskar blitt utvida til å gjelde landkrabbar, men dei må i alle fall ha familieband eller eigarskap i fiskebåtreiarlaget - som opphavleg vart bygd opp av folk som sjølve var på sjøen.Denne eineretten gjer at fiskeindustrien ikkje kan kjøpe fiskebåtar og sikre seg fiskekvotar, medan det ikkje er noko i vegen for at fiskebåtreiarar kjøper seg opp eller startar eigen industri. Dette irritere industrien sjølvsagt, som gjerne skulle hatt høve til å sikre seg betre kontroll med tilgang og kostnader på råstoffet. Så langt er det ingen teikn til at fiskeindustrien skal så politisk gjennomslag for ei endring.Men er det naudsynt med ein ny politikk for å sikre ein landbasert fiskeindustri i Noreg? Det er ikkje sikkert.Det avgjerande i det lange løp er om det løner seg å drive fiskeforedling på land i Noreg. Det kjem an på teknologi og infrastruktur. Men regelverket har betydning for kven som skal eige fiskeindustrien.Fiskarane og oppdrettselskap kan ta over.Spesielt oppdrettsnæringa har godt med kapital, etter fleire uvanleg lønsame år på rad. Hos fiskarane går det bra, sjølv om pengebingen ikkje er like stinn som i oppdrett.Oppdrettsnæringa er for lengst i gang med å bygge merkevare, og har tatt satsing med også inn i kvitfiskmarknaden. Lerøy Seafood Group sitt kjøp av fiskebåtreiarlaget Havfisk og søsterselskapet Norway Seafoods - som driv fleire fiskeindustrianlegg i Nord-Noreg - er kanskje det beste dømet.Lerøy vil investere meir på land i Noreg, ikkje mindre.I tillegg til at lønsemda er blitt god har det også betydning av fiskebåtreiarlaga i dag er langt større enn dei var for nokre tiår sidan. Der er no folk og ressursar til å gjere noko meir enn å berre drive fiske.Svaret er mellom anna å bygge opp eigne varemerke - slik som tid dømes fiskebåtreiarlaget Ramoen har gjort, eller å satse på trading i eigen regi - slik fiskebåtreiarlaget Nordic Wildfish gjer.Fiskarane tek eit steg inn på det som har vore landbasert industri- og tradingselskap sine einemerke. For kvar som lukkast, vil nye bli frista til å følgje etter.Den som har ressursane og i tillegg har bygd opp eit varemerke har ein fordel, men farta fiskbåtreiarlaga har i å få fotfeste på land tyder så langt på at det er ein prosess som tek tid. Det siste som kan bli aktuelt å gå inn i er truleg klippfiskeindustrien, rett og slett fordi den er svært kapitalkrevjande på grunn av den lange tida klippfisken treng frå fangst til fiskedisk.Likevel er det grunn til å rekne med at fiskarane og oppdrettarane si rolle i sjømatnæringa berre vil styrke seg, på bekostning av etablerte eigarar og selskap i fiskeindustri- og tradingbedrifter.
Publisert: 07.01.2018 06:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 21:59