Avtroppande Sp-politikar Ola Borten Moe besøkte onsdag Ålesund for å kome med sine synspunkt på forslaget til statsbudsjett for neste år.
– Samfunnet er overmodent for strukturelle endringar, og det er openbert at vi driv veldig kostbart og ineffektivt, seier Borten Moe til Nett No.
Han påpeikar mellom anna på at kring 25 prosent av statsbudsjettet blir finansiert ved hjelp av oljepengar, samtidig som ein har eit høgt nivå på skattar og avgifter – og ein rekke uløyste oppgåver.

Oppløfta av den offentlege debatten
Borten Moe trekte fram bodskapen til Martin Bech Holte i boka «Landet som ble for rikt», som eit skritt i rett retning. Den peika mellom anna på ei kraftig auke i statleg pengebruk - og åtvara mot konsekvensane.
– Spørsmålet er om vi klarer å utnytte desse meirinntektene våre på ein slik måte at vi klarer å bli tilsvarande mykje betre, seier han.
Trønderen meiner den offentlege debatten dei siste åra slik sett har vore oppløftande – fordi han trur folk flest vil svare nei på spørsmålet ovanfor. Han meiner samtidig at Frp si merksemd om offentleg sløseri var avgjerande for partiet sitt gode valresultat.
Les også: Alt om statsbudsjettet

– Endring er smertefullt
Sp-veteranen som no skal gi seg i Stortinget, meiner å sjå at ein slik tankegangen er meir på veg inn både hos regjering og statsapparat.
– Eg meiner det er blitt ei ganske brei einigheit om situasjonen, og regjeringa har begynte å snakke om behovet for reformar. Likevel ser vi ikkje at det blir gjort større grep, legg han til.
– Endring er smertefullt, og ingen vil gjere det om ein ikkje må. Men vi har gjort det mange gonger før, ved å snu om på utviklinga, auke produktiviteten og sysselsettinga, samtidig som vi har teke ned trygdegraden – rett og slett fått meir igjen for pengane, legg han til.
Må jobbe gjennom sektor for sektor
Borten Moe meiner politikarane må jobbe seg gjennom sektor for sektor med mål om å ta ned byråkratiet og redusere offentlege utgifter. Då meiner han det samtidig er nødvendig å sjå på standardar og reguleringar.
Nyleg omtalte E24.no korleis strenge krav fører til langt høgare byggekostnader i Norge, samanlikna med Sverige. Det provoserer Borten Moe.
– Kvifor i all verda skal det vere så mykje dyrare, spør han.
Les også: Alt om statsbudsjettet
Publisert: 15.10.2025 15:22
Sist oppdatert: 15.10.2025 15:39





