Fasiten for tredje kvartal kjem paa bordet
FØRSTEMANN: Resultatsesongen etter tredje kvartal startar komande veke, og administrerande direktør Olav Arne Fiskerstrand i Sparebanken Møre er førstemann ut blant selskapa på Nordvestlandet.
Analyser

Fasiten for tredje kvartal kjem på bordet

Halvparten av Nordvest-selskapa med børsnoterte aksjar har stige i verdi siste året. Hexagon Composites er den suveren børsvinnaren. No skal investorane få vite om dei har satsa rett.

16.10.2016
ANALYSEKomande veke startar resultatsesongen etter tredje kvartal, med Sparebanken Møre som første selskap ut.Banken legg fram sitt kvartalsreknskap torsdag 20. oktober, med frukost klokka 08:00 for investorar og analytikarar i Oslo Sjømannsforenings lokale, heilt etter tradisjonen. Medan DNB-sjef Rune Bjerke berre kan vise til ein kursauke på litt over ein prosent siste 12 månadar, har Sparebanken Møre-sjef Olav Arne Fiskerstrand ein kursauke på over 12 prosent å vise fram til eigarane. Men vil han klare å oppretthalde forspranget til sin større kollega, eller vil offshorenedturen slå ut i auka tap og større tvil til lønsemda framover?Den store vinnaren samanlikna med for 12 månader sidan er Hexacon Composites. Selskapet har stige over 90 prosent i verdi sidan same tidspunkt i fjor. På topp, i månadsskiftet mai/juni 2014 var aksjekursen oppe i 39 kroner, før oljeprisfallet send den heilt ned under 13 kroner i september i fjor. Etterpå har det gått oppover.Hexagon Composites, med Flakk-familien i Ålesund som største eigar-gruppe, gikk til vers med oljeprisen. Drivstofftankane for gassdrivne lastebilar blei ein hit i USA, etterkvart som dyr diesel fekk lastebileigarane til å gå over frå diesel til gass.Også store, mobile gasstankar blei populære, mellom anna hos oljeindustrien som borar etter skiferolje og -gass, og trengte energi til drifta.Men begge deler fekk ein knekk med oljeprisfallet. Hexagon Composites svar på utfordringane har imidlertid slått an hos aksjeinvestorane; kostnadskutt, strategiske alliansar med japanske Mitsui som medeigar, satsing også mot hydrogenmarknaden, felles selskap i USA med sin langvarig kunde Agility Fuel Systems og oppkjøp av den tyske konkurrenten Xperion Energy & Enviroment.Med fredagens aksjekurs er på 30,10 kroner er det framleis eit stykke att til toppnoteringa i mai/juni 2014, men marknadsverdien på selskapet ligg no rundt fem milliardar kroner.Krav om at alle grepa som er gjort skal slå i i markert auke i lønsemda allereie i tredje kvartal er neppe venta av investorane i Hexagon Composites. Men dei vil truleg vente betring i lønsemda, og signal om kva som skal bli resultatet av dei grepa som er gjort, og signal kor raskt gevinsten vil kome til syne. For Havyard er det truleg relativt enkelt: Lønsemda må stige og det må snart inn fleire kontrakter for å fylle opp ledig kapasitet. Kursen spratt til vers då det viste seg at verftet fekk levert alle skip i ordre, og - motsetning til Kleven, Ulstein og Vard - slapp å bli ståande med skip på eiga bok på grunn av reiarar som ikkje greidde å oppfylle kontrakten. I løpet av eitt år har kursen stige over 46 prosent. (Veksten starta først i vår, fram til då gjekk det nedover. Rekna frå botnnoteringa i april er kursen meir enn fire gongar høgare i dag).Men for å få ytterlegare kursvekst er det ikkje nok at frykta for store tap er borte, då må forventingar om framtidig lønsam vekst innfriast.Eit nytt regelverk kan i verste fall (sett frå Havfisk si side) gjere at Havfisk må gi frå seg 25 prosent av torskekvoten sin. Det vil svi langt meir enn gevinsten, at selskapet slepp plikta til å levere fisk til faste anlegg i Nord-Noreg, slik Havfisk vurderer det. Regelverket er ikkje kome lenger enn at det er eit framlegg i ein rapport som snart er på veg ut på høyring, men normalt skulle det ført til fall i Havfisk-kursen. Det har ikkje skjedd, fordi storaksjonæren Lerøy Seafood Group (72 prosent) har forplikta seg til å kjøpe alle aksjane til kurs 36,50. Det bodet står til mandag ettermiddag, og då er det truleg klart om Havfisk skal halde fram som eit eige børsnotert selskap, eller eit 100 prosent eigd dotterselskap i Lerøy Seafood Group.Stig salet av stressless-møblar? Det er spørsmålet når Ekornes legg fram sin kvartalsrapport for tredje kvartal. Dersom svaret er nei blir fort neste spørsmål kvar kostnadane kan kuttast. For møbelprodusenten gjeld det å kome ut av den negative spiralen der kostnadskutt blir svaret for å halde investorane blide, og heller vise til stigande etterspørsel som eit resultat av lansering av nye modellar.Vard har gjort store endringar etter at oljeprisen fall; spesialisert verfta sine i større grad, lagt ned det eine av to verft i Brasil, auka samarbeidet med hovudaksjonæren Fincantieri og ikkje minst greidd å sikre seg oppdrag i heilt nye marknadar. Samanlikna med for 12 månadar sidan ser det ikkje ut som om aksjonærane har belønna den nye satsinga, tvert i mot (sjå tabell). Men etter å ha falle i rykk og napp fram til månadskiftet august/september har Vard-kursen stige over 44 prosent. For offshorereiarlaga er det ikkje så mykje anna å seie enn refinansieringsløysing. Med dagens oljepris og tøffe marknad er det ei avklaring på gjeldssituasjonen investorane ventar på.I Rem er avklaringa på plass, om enn ikkje slik storaksjonær Åge Remøy såg for seg, og selskapet opphøyrer som sjølvstendig børsnoterte selskap og er på veg inn i Solstad Offshore. Samanlikna med for 12 månader sidan er verdien av selskapet krympa med 96 prosent.Farstad Shipping fall fredag 6,57 prosent til ny botnnotering - 6,40 kroner pr. aksje. Havila Shipping fall under to kroner aksjen i januar, og har ligge under det nivået i store deler av året.Det som kanskje illusterer situasjonen for dei tre reiarlaga best er at deira samla børsverdi i dag er mindre enn verdien av Hofseth Biocare, eit selskap som i første halvår hadde 13,5 millionar kroner i driftsinntekter og eit resultat før skatt på minus 78,8 millionar kroner. Hofseth Biocare lagar olje, kalsium og proteinpulver for fiskeavskjær, først og fremst frå oppdrettsnæringa, og må truleg vise at det klarer å få opp og halde ein stabil auke i salet for å skape grunnlag for auke i børsverdien.Målet etter driftsinntekter og lønsemd vart første halvår ingen opptur for selskapa på Nordvestlandet med børsnoterte aksjar eller obligasjonar, mykje på grunn av store nedskrivingar i skipsverdiane i offshorereiarlaga. Blir det ikkje nye store nedskrivinga kan tredje-kvartalstala samla sett sjå mykje betre ut, men eit løft eller ikkje i aksjekursen kjem an på resultatet i det einskilde selskap.

Publisert: 16.10.2016 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 21:59