Anders Riise Hakon Lykkebo Strand foto Marius
SKUFFA: Fylkesordførar Anders Riise (H) og Ålesund-ordførar Håkon Lykkebø Strand er begge skuffa over regjeringa si avgjerd om å ikkje ta inn Stad skipstunnel i neste års statsbudsjett. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Brei støtte til forhandlingar om skipstunnelen

Regjeringa går på nederlag i Stortinget. Høgre- og Frp-duo håpar partia deira går inn for bygging.

Marius Rosbach
14.10.2025

Oppdatert: Kystverket skal forhandle om pris

Stad skipstunnel var første sak til behandling då fylkestinget i Møre og Romsdal møtest i Ulsteinvik tysdag. 

Mot ei stemme fekk fylkesordførar Anders Riise (H) fleirtal for å sende ei uttale der dei ber regjeringa vurdere skrinlegginga av prosjektet på nytt.

Han er også tydeleg på at han meiner hans eige parti bør støtte forslaget frå Venstre, KrF og Senterpartiet om å fullføre forhandlingane om Stad skipstunnel – før dei avgjer vegen vidare. 

– Det er ei minimumsløysing at vi fullfører forhandlingane for å sjå kva kostnadsreduksjon som er mogleg å få, seier Riise til Nett No.

– Ein veldig god ide
Fylkesordføraren får støtte frå Håkon Lykkebø Strand (Frp) i sitt syn om å gjennomføre forhandlingane.  

– Eg synest det er ein veldig god ide, og eg er mildt sagt skuffa over at regjeringa nok ein gong straffar vår region, seier Lykkebø Strand til Nett No. 

– Vi er lei av å bli nedprioritert i Møre og Romsdal. No er det på tide at regionen får sin rettmessige del av infrastrukturkaka, legg han til. 

Både Riise og Lykkebø Strand påpeiker at fylket har kring fem prosent av befolkninga, men berre har fått kring 0,6 prosent av løyvingane til samferdsel i Nasjonal transportplan dei neste ti åra. 

Fleirtal for forhandlingar i Stortinget
Håkon Lykkebø Strand meiner at partiet hans bør stå fast på støtta til samferdselsprosjektet.  

– Det er klart at det er eit spørsmål om kostnader. Men eg meiner dette er utgreia nok gonger, og håpar at mitt parti står for det vi har sagt tidlegare om at vi ønsker at skipstunnelen skal byggjast, legg han til. 

Kort tid seinare kunne Hans Olav Myklebust (Frp) fortelje frå talarstolen at Frp si stortingsgruppe tidlegare tysdag hadde bestemt seg for å støtte forslaget frå Venstre, KrF og Senterpartiet. Det same gjer Høgre, ifølgje Bergens Tidende - som inneberer at regjeringa vil gå på eit nederlag i det slaget.

Alle partia som var på talarstolen i fylkestinget støtta å sende uttalen fylkesordføraren hadde forfatta. 

Les heile uttalen her (ekstern lenke)

Derifrå kunne Hanne Notøy (Ap) fortelje at ho også ville støtte uttalen som fylkesordføraren hadde lagt på bordet. Møre og Romsdal Ap har óg sendt ein uttale til sitt parti sentralt, la ho til. 

Skipstunnelen har moms – som jernbane slepp
Fylkesordførar Anders Riise meiner at skipstunnelen bør byggjast – uansett om ein ikkje lukkast med å redusere kostnadene. 

– Eit poeng som ikkje har vore framme i reknestykket, er at skipstunnelen har ein moms på 20 prosent, i motsetning til jernbaneprosjekt, som slepp denne, seier han. 

– Slik sett kan ein seie at den reelle kostnaden for skipstunnelen er under sju milliardar, og ikkje 9,4 milliardar kroner, legg Riise til. 

Fylkesordførar fortel at han har informert sin kollega i Vestland om uttalen, men at han ikkje kjenner til om dei vil gjere noko tilsvarande. 

Publisert: 14.10.2025 13:47

Sist oppdatert: 14.10.2025 18:40

Mer om