Fisk i medvind
MEDVIND: Administrerande direktør Terje E. Martinussen i Norges Sjømatråd samla nesten 300 deltakarar til konferanse om ombordproduksjon denne veka.
Analyser

Fisk i medvind

No i starten av 2016 dukka det opp to tal som er verdt å tenke over.

17.01.2016

ANALYSE


Det første talet er 74,5 milliardar kroner, og kom allereie 5. januar. Det er .
Det neste talet er over 400 milliardar kroner (430 for å vere presis), og kom då oljedirektør Bente Nyland torsdag 14. januar oppsummerte 2015 i direktoratet sin årlege rapport om . Det er verdien av eksporten av olje og gass i 2015.
Det er framleis stor skilnad på fisk og olje, men ikkje lenger ein svimlande skilnad. Dette er gode tal å slå i bordet med for oppdrettarar og fiskerinæring, i kampen om politisk merksemd og gode rammevilkår.
Fisk og oppdrett har lenge skrytt av høg eksport, men sant å seie har tala bleikna samanlikna med olje- og gasseksporten.
Oljebransjen er framleis i ei særstilling i norsk økonomi, men held oljeprisen seg på dagens nivå vil skilnaden mellom fisk og olje bli enda mindre i 2016.
Den relative betydninga av fiskeri og oppdrett blir altså større. Det er bra for bransjen.
At det også er ein reell vekst er også bra. Fiskeri- og oppdrett må vekse for å gi Noreg fleire bein å stå på når oljebransjen er inne i ein kraftig nedtur, der spenninga dei neste vekene og månadane blant anna er knytt til om offshorereiarlaga greier å refinansiere gjeld for å greie seg fram til ein eventuell ny opptur.

Alt i alt får fiskeri- og oppdrett større merksemd, og det blir lettare å trekkje til seg kapital til investeringar og forsking. Kvart einaste fiskebåtreiarlag langs kysten kan truleg skrive under på at det er blitt mykje lettare å få tak i folk etter at oljeprisen fall.
Snittprisen per fat råolje var 98 kroner lavare i desember 2015 enn i desember 2014 og heile 341 kroner lavere enn i desember 2013, skriv Statistisk Sentralbyrå (SSB) . Råoljeprisen er altså meir enn halvert på to år, og det er ingen garanti for at den vil returnere til eit høgt nivå, meiner SSB.
Fisk er i vinden. Det viser det uventa store oppmøtet då Sjømatrådet inviterte til konferanse om ombordproduksjon i fiskeflåten i veka som var. Opphavleg hadde møteleiar Ove Johansen i Sjømatrådet ei von om å samle 50 personar, men nådde heile 290 påmelde.

I tillegg til store kvotar og gode prisar blomstrar interessa for næringa fordi den er i ferd med å ta nye steg, der maskiner kan overta nye arbeidsoppgåver

med betre resultat enn manuell arbeidskraft.
Oppdrettsnæringa, med mange nye brønnbåtar var med og syte for at 2015 ikkje vart heilsvart for skipsverfta. No er det gode grunnar til å vente at det også blir bygd fleire fiskebåtar på norske verft.
Valutautviklinga har løfta konkurranseevna mot utlandet mange hakk, og verfta merkar auka etterspørsel. Dersom nye båtar som er under bygging, som fabrikkskipet Ramoen, viser seg å vere vellukka, er det god grunn til å tru at fleire reiarlag vil kaste seg på og bygge nytt. Og om dei ikkje gjer det kan det hende dei vel å oppgradere og utbetre utstyret ombord. Det gir ringverknadar det og. Neppe nok til å kompensere for oljenedturen, men det hjelper.

Per Sandberg vitja fleire bedrifter og organisasjonar i Ålesundsområdet på onsdag, på sin første tur som fiskeriminister. Blant dei som fekk besøk var Firmenich Bjørge Biomarin, som går i bresjen for å forske på effekten av fiskeprotein, basert på avskjær frå villfisk. Poenget er å påvise helseeffektar som kan auke verdien på restråstoffet. Det vil fiskarane tene på, og det vil Firmenich og resten av dei biomarine bedriftene på Nordvestlandet tene på.
- Bekreftelsen på at vi politikarar må sjå på denne næringa som framtidas næring, sa Sandberg på spørsmål om kva som var det viktigaste han hadde fått ut av eindags-turneen i den nordvestlandske fiskerinæring.
Det som overraska han mest var nettopp innhaldet på møtet hos Firmenich.

- Eg blir meir og meir overraska over det potensialet som ligg i restråstoff og som kjem til å bli ei gedigen næring for Noreg, sa Sandberg til NETT NO.

Publisert: 17.01.2016 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 21:59