Brimer Hoydebasseng montasje Havard haanes foto Brimer Marius
VEKSTMARKNAD: Høgdebasseng til norske kommunar, som på bilde i Frøya kommune, er mellom vekstmarknadene, fortel Brimer-sjef Håvard Haanes. Foto: Brimer/Marius Rosbach
Nytt

Supervekst for Brimer etter eigarskiftet

Investeringar i kommune-Norge og auka interesse for lukka oppdrett er med å gi rekordhøg aktivitet.

Marius Rosbach
17.10.2025

Brimer lagar tankar, kar og tilhøyrande utstyr til mellom anna vassanlegg og til oppdrettsnæringa. I oktober i fjor kom nyheita om at konsernet hadde fått nye eigarar

Eitt år etterpå kan konsernsjef Håvard Haanes fortelje at aktiviteten er høgare enn nokon gong, og at dei ligg an til kraftig vekst i 2025. 

– Som konsern har Brimer hatt eit historisk hektisk år. Det står att å sjå korleis resultatet blir, men omsetninga aukar truleg med mellom 100 og 150 millionar, fortel han til Nett No. 

Leverer kar til lukka oppdrettsanlegg
Årsaka til veksten er mellom anna knytt til marknaden for vann og avløp med solid ordreinngang frå ein rekke kommunar. I år har dei levert høgdebasseng prosjekt frå nord til sør i landet.

– Vi har også merka at det meir interesse for anlegg for lukka oppdrett i sjø, fortel Haanes. 

Allereie har dei produsert element i kompositt til to lukka merdar til Aquafarm Equipment. Det eine skal i sjøen utanfor Harstad, medan den andre skal i sjøen i utanlandsk farvatn. Elementa er produsert i Latvia og blir samanstilt nær anlegget til oppdrettskunden.

– Eksempelvis har hatt 30-40 tilsette frå fleire av våre selskap i arbeid oppe i Harstad den siste tida, fortel Haanes.

Brimer Latvia Liepaja foto Marius
LATVIA: I den latviske kystbyen Liepaja har Brimer anlegg med stor kaiplass. I tillegg driv dei verksemd i innlandsbyen Saldus. Foto: Marius Rosbach

Rekordhøgt resultat i fjor
Konsernet består i dag av Brimer As med fabrikk på Kvamsøya, Brimer Horizon i Sandvika og to selskap i Latvia. 

I 2024 omsette konsernet for kring 270 millionar – litt opp frå året før, då omsetninga nådde 261 millionar. Brimer-sjefen var nøgd med eit resultat for konsernet på i overkant av 30 millionar før skatt: 

– Det var betre enn det brukar vere, og er eit rekordhøgt resultat,  seier Haanes. 

For Brimer på Kvamsøya vart overskotet redusert samanlikna med dei siste åra.

Entec brimer kvamsoya foto marius
KVAMSØY: Brimer sin fabrikk på Kvamsøya lagar store element mellom anna til oppdrett og vann og avløpsbransjen. Foto: Marius Rosbach

«Veksesmerter» på Kvamsøya
I dag er det svenske investeringsfondet Accent Equity eigarar av Brimer-konsernet. Både Haanes og dei tilsette på Kvamsøya var i fjor tydelege på at dei såg positivt på eigarskiftet

Haanes seier han er trygg på at dei vil halde fram med å vere ein hjørnesteinsbedrift i lokalsamfunnet i Sande. 

Utfordringar med rekruttering og kapasiteten ved anlegget, gjer likevel at dei ikkje ventar å auka arbeidsstokken her.  

Publisert: 17.10.2025 09:57

Sist oppdatert: 21.10.2025 10:49

Mer om