Førre veke kom avgjerda som førte til at tilsette ved Hatlane omsorgssenter feira med kake. Ålesund kommune bestemte seg for å droppe konkurranseutsettinga av eldresenteret med kring 60 bebuarar.
Grunngjevinga var fornuftig nok: Det var berre kome inn eit tilbod frå ein privat aktør som ville overta drifta.
Ålesund-ordførar Håkon Lykkebø Strand peika på at kommunen ikkje fekk moglegheit til å samanlikna løysingar, kvalitet og utviklingspotensiale – og at det difor var rett å stoppe prosessen.
«Et sviende mageplask», kalla Sunnmørsposten utfallet på leiarplass, som mange truleg vil seie seg samd i.
I staden for at dei borgarlege partia fekk eit «utstillingsvindauge» som viste at det er mogleg å redusere kostnadane med private løysingar – og samtidig halde kvaliteten oppe, vil mange politiske motstandarar vise til prosessen som eit døme på korleis ting ikkje bør gjerast.
Effekten per no verkar i første rekke vere betydeleg uro mellom dei tilsette – og truleg brukarar og pårørande. Også kan ein sjølvsagt hevde at ressursane som er brukt på det som kommunen omtalar som eit omfattande og krevjande arbeid, var til inga nytte.
Om ein ser på sjølve saksgangen er det vanskeleg å peike på kva som kunne vore gjort, som ville endra på utfallet.
Etter at vedtaket om konkurranseutsetting blei gjort i fjor sommar, blei det gjennomført ei skriftleg høyringsrunde der grunnlaget for konkurransen blei gjort greie for.
Poenget var å sikre moglegheita til å endre på spelereglane, før dei endelege kriteria blei lagt. Det blei også gjort.
Mellom anna blei vektinga av pris redusert frå 60 til 40 prosent, som eit tydeleg svar på åtvaringane i høyringssvara om at for stor vektlegging av pris – kunne gi negative konsekvensar. I tillegg blei pensjonsvilkår lagt inn som eit kriterie (10 prosent), medan kvalitet skulle telle 50 prosent.
Det blei valt konkurranse med forhandling, som gir ein mindre rigid prosess, enn ei rein anbodskonkurranse. Det blei også gitt høve til at aktørane kunne be om «ein til ein»-møter. Ingen av aktørane nytta seg av den sjansen, opplyser Ålesund kommune til Nett No.
Det viser at kommunen lytta til signala som kom frå dei tre leverandørane sine høyringssvar.
Spørsmålet er kva anna som kunne vore gjort, for å sikre seg at fleire enn eit selskap vil slutt valde å legge inn eit tilbod.
Ein kan finne nokre gode tips i høyringssvara frå dei to aktørane, Kirkens Bymisjon og Norlandia Care, som valde å ikkje delta.
Mellom anna blir det stilt spørsmål ved kvifor leverandøren skal stå for bygget, gjennom ein leigeavtale – i staden for at dei utelukkande konsentrerer seg om å utføre tenesta. Det aukar risikoen for dei private leverandørane – som skulle levere eit tilbod inkludert alle kostnader.
Med ein anslått verdi på kring 750 millionar kroner, er det heller ingen liten kontrakt det er snakk om. Saman med ei varigheit på åtte år, gjorde det at oppdraget kravde betydelege økonomiske musklar – som i praksis avgrensa konkurransen til nokre få nasjonale aktørar.
Ved å til eksempel dele opp kontrakten, redusere varigheita, eller bidra til å redusere risikoen ved rekruttering og svingingar i marknaden, kunne ein senka terskelen for å delta.
I tillegg kjem den politiske samanhengen. Avgjerda om å konkurranseutsette tenesta, var omstridd allereie i utgangspunktet. I tillegg blei det klare politiske signal om at ein manglande økonomisk gevinst, kunne føre til ei avlysing.
Kva som blei avgjerande for at Kirkens Bymisjon og Norlandia Care, valde å ikkje legge inn tilbod, får ein truleg ikkje svar på. Men at stemninga med demonstrasjonar og kraftig kritikk allereie før ein kjem i gong, kan ha vore medverkande, er det liten tvil om.
Om Smartlegen AS – som la inn det einaste tilbodet – hadde fått kontrakten, er det heller ingen tvil om at drifta ville blitt følgd med argusauge. Det relativt ferske firmaet har fått kritikk i media for tilsvarande teneste – og motstandarane av konkurranseutsettinga, ville ikkje lete seg be to gongar – om dei fann noko dei meinte var negativt.
Sjølv om det kunne vore spennande på ulike vis å sjå kva ein privat aktør kunne bidrege med, er nok både dei tilsette og brukarane først og fremst letta over at dei slepp å finne det ut.
Per no ser det ut til at forsøket med privat omsorg i ein av landets største Frp-styrte kommunar ebbar ut etter mykje støy. Men kanskje har ein også lært noko til neste gong.
Publisert: 25.01.2026 05:00
Sist oppdatert: 25.01.2026 08:11






