God plass paa beddingen
OPNAR VERFTSKONFERANSEN: Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen opna Verftskonferansen i fjor og skal gjere det i år også. Der møtet han bedrifter som har arbeid, men som slit med lønsemda.
Analyser

God plass på beddingen

Skipsbyggingsaktiviteten i verda har ikkje vore lågare på 30 år. Verftskapasiteten er over dobbelt så stor som etterspørselen.

03.11.2019

ANALYSE

Ved utgangen av tredje kvartal i år var det inngått 836 nybyggingskontraktar på verdsbasis og det er venta å ende på cirka 1250 skipsbyggingskontraktar innan året er omme.Det førre botnpunktet i den siste 30-årsperioden var i 1992. Då vart det inngått 1596 nye kontraktar.I toppåret 2007 vart det til samanlikning registrert 5985 nybyggingskontraktar. Sidan 2013, då det vart inngått 5047 kontraktar, har trenden vore fallande, ned til dagens nivå.Det er Ulstein International som har sett saman tala for statusen til internasjonal skipsbygging, basert på statistikk frå IHS Fairplay og meklarselskapet Clarkson Platou.Per Olaf Brett, som er viseadministrerande direktør i Ulstein International og mellom anna arbeider med marknadsanalyser, anslår at overkapasiteten i skipsbyggingsindustrien per i dag er over 50 prosent.Komande veke samlar Norsk Industri norske skipsbyggjarar og utstyrsleverandørar til sin årlege Verftskonferanse, som blir arrangert kvart år i Ålesund. Før helga var 411 påmeldt, slik at det ligg an til å bli trangt om plassen, slik det har vore dei siste åra.Tala for skipsbyggingsaktiviteten internasjonalt, fortel om ein bransje med vanskar. Sjølv om mange store internasjonale verft ikkje er inne på marknadane som dei norske verfta konkurrerer i, er overkapasiteten ein faktor som gjer konkurransen tøffare.Norske verft gjekk samla sett i minus i 2018 og fjoråret var svakare enn i 2017, og når også Kleven Verft har levert 2018-reknskapen vil det truleg sjå enda verre ut.I tillegg er ordreinngangen hittil i år berre ein fjerdepart av kva den var på same tid i fjor. 20 båtar for tilsaman 5,2 milliardar kroner. Det er status for verfta så langt i år viser tal frå sals- og marknadsføringsorganisasjonen Norske Skipsverft. Nedgangen betyr imidlertid ikkje at verfta er i ferd med å gå tomme for arbeid.Det viktigaste for verfta er ikkje å skaffe nye oppdrag, men å få overskot ut av dei oppdraga dei har.Ordrereserven, gjenverande kontraktsverdi på pågåande og inngåtte kontrakter er på 38,5 milliardar kroner ved utgangen av tredje kvartal i år. I femårsperioden 2015-2019 er dette den nest høgaste ordrereserven verfta har hatt. Berre ved utgangen av 2018 var den høgare, på 47,5 milliardar kroner.Utstyrsleverandørane til skipsbyggingsindustrien har og vore gjennom ei tøff tid. Botnen blei nådd i 2016, då bedriftene i bransjen samla sett gjekk i minus også på drifta. I fjor hadde dei eit lite driftsoverskot. Bransjeanalysen som Menon Economics skal legge fram på konferansen fortel at 58 prosent av bedriftene ventar aukande lønsemd i år og 43 prosent ventar aukande lønsemd neste år.Under årets verftskonferanse skal mellom anna Norsk Industri legge fram sitt "sjøkart" for utvikling i bransjen framover. Sjøkartet er eit utgangspunkt for diskusjonen om korleis den maritime bransjen kan omstille seg til lønsam drift i ein ny marknad, der tradisjonelle offshorereiarlag ikkje lenger er den viktigaste drivkrafta, og der strengare krav til miljø og utslepp tvingar fram energieffektivisering og ny bruk av nye energikjelder.Utviklinga for reiarlaga som driv frakt langs norskekysten blir eit eige tema, der bransjeforeiningane for reiarane, Norsk Industri og fagrørsla har gått samen om eit felles utspel som skal presenterast på konferansen.

Publisert: 03.11.2019 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 21:59