Sjå børstabell for Nordvestlandet under saka
Tysdagen var ein feriestille dag på Oslo børs der hovudindeksen låg stort sett flat. Ved slutten av dagen var indeksen ned 0,25 prosent til 1624,67 poeng.
Golden Energy Offshore Services melde i løpet av dagen at dei hadde fått på plass ny finansiering for det siste av sine sju skip i flåten.
Dagen enda med en liten opptur på nær fem prosent for aksjen til reiarlaget frå Ålesund. Sluttkursen vart 18,95 kroner – om lag 35 prosent under nivået for eitt år sidan.
Hexagon Composites melde etter børsslutt måndag at dei hadde kjøpt resten av selskapet Sustainable Energy Solutions.
Selskapet lagar høgtrykkstankar og system for naturgass, hydrogen og industrigassar, og Hexagon Composites kom inn på eigarsida i samband med salet av dotterselskapet Hexagon Ragasco i fjor.
I løpet av tysdagen steig aksjekursen til Hexagon Composites med 5,31 prosent og slutta på 18,64 kroner. Det er nær 60 prosent lågare enn verdien ved inngangen til året. Også Hexagon Purus-aksjen fekk ein opptur frå eit låg nivå.
Børstabell for Nordvestlandet:
| Selskap | Kurs i kroner | %-endring i dag |
| Arctic Bioscience | kr 3,67 | 3,17 % |
| Atlantic Sapphire | kr 10,40 | 1,66 % |
| Endúr | kr 88,00 | -1,12 % |
| Golden Energy Offshore Services | kr 18,95 | 4,99 % |
| Hav Group | kr 7,14 | -0,28 % |
| Havila Kystruten | kr 1,28 | -1,92 % |
| Havila Shipping | kr 1,32 | -2,22 % |
| Hexagon Composites | kr 18,64 | 5,31 % |
| Hexagon Purus | kr 2,75 | 11,11 % |
| Hofseth Biocare | kr 1,77 | 2,31 % |
| Tinde Sparebank | kr 125,00 | 0,00 % |
| Salmon Evolution | kr 6,20 | -0,16 % |
| Sparebanken Møre | kr 109,06 | 0,20 % |
Publisert: 15.07.2025 17:01
Sist oppdatert: 15.07.2025 17:01






